Spennende jobbmulighet ved Augeavdelinga ved Helse Bergen!
Avdelingsdirektør
Søknadsfrist: 17.01.2021
Publisert
Helse Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Vi søkjer etter ein avdelingsdirektør som ønskjer å leie ei avdeling med høg aktivitet og fokus på forbetring innan pasientbehandling og gode arbeidsprosessar.
Augeavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus er ei spesialavdeling med god breidde av oppgåver frå utgreiing til behandling av alle augelidingar hos både barn og vaksne.
Augeavdelinga er ei avdeling i vekst med eit årsbudsjett på 48 millionar kroner og 106 årsverk. Som avdelingsdirektør for Augeavdelinga vi du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å setje i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid, eit solid forbetringsperspektiv og handlekraft.
Om Augeavdelinga
Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste innan behandling av kreft i auget (episkleral brachyterapi) og vi har stor breidde i aktiviteten vår; både medisinsk og kirurgisk behandling, planlagd og augeblikkeleg hjelp. Augeavdelinga er lokalisert i eige bygg på Haukeland universitetssjukehus sitt område.
Det er 5 einingar i avdelinga; eining for kontor, eining for legar, eining for poliklinikk og dagkirurgi, eining for operasjon og vi har felles sengepost med Hovud-Hals klinikken som held til nord i Sentralblokka.
Augeavdelinga er opptatt av god samhandling med andre einingar på sjukehuset. Som avdelingsdirektør legg du til rette for god pasientbehandling, utvikling av fag og gode arbeidsprosessar saman med resten av Haukeland universitetssjukehus. Andre viktige samarbeidspartnarar er fastlegar, avtalespesialistar og andre augeavdelingar i Helse Vest. I tillegg til statlege, kommunale og fylkeskommunale aktørar og interesseorganisasjonar.
Du er ein leiar som ønskjer å vidareutvikle avdelinga mot framtida.
Som leiar for Augeavdelinga må du forstå balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling. Som direktør for Augeavdelinga vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Arbeidsoppgåver
Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
Skape engasjement mellom medarbeidarane for kontinuerleg å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering. Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
Samarbeide tett med andre einingar på sjukehuset
Samhandle med primærhelsetenesta, universitet og høgskular
Sikre koordinering av den daglege drifta, god kvalitet og medisinsk prioritering, innanfor tildelte rammar
Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
Medansvarfor at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
Helsefagleg eller medisinsk høgare utdanning
God og relevant leiarerfaring og leiarutdanning
God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
Erfaring med mål- og strategiarbeid
Erfaring frå resultatoppfølging
Erfaring med tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
Handlekraftig, inspirerande og inkluderande
God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
Overordna styrings- og gjennomføringsevne
Heilskapleg og samfunnsmessig forståing
God økonomi- og organisasjonsforståing
Strukturert og planmessig i arbeidet
Robust
Vise sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
Balansere refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik