LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Spesialbibliotekar - Universitetsbiblioteket (UB)

Søknadsfrist: 03.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig fast 100% stilling som spesialbibliotekar (kode 1515). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for tilvekst og system.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av det heilskaplege samlingsarbeidet knytt til katalog og metadataregistrering
  • Ansvar for utvikling av tenester som gir auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB si kjerneverksemd
  • Aktiv deltaking i vidareutvikling, fornying, forenkling og forbetring av UBs tenester, særleg med tanke på biblioteksystema og samlingsutvikling
  • Digitalisering, metadataproduksjon, katalog
  • Drift og tilpassing av system (for eksempel Alma)
  • Brukaropplæring og brukarrettleiing (både internt og eksternt)
  • Delta i løpande driftsoppgåver tilknytt seksjonens arbeid
  • Delta i verksemda elles, til dømes publikumstenester

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha minst bachelorgrad eller tilsvarande innanfor bibliotek- og informasjonsstudiar eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke.
  • Manglande formell utdanning kan i nokre tilfelle kompenserast med relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning
  • Gode kunnskapar innan katalog- og metadataproduksjon er naudsynt
  • Gode kunnskapar om biblioteksystem er ein fordel
  • Gode IT-kunnskapar vil bli tillagt vekt. Kjennskap til databehandling og metadatastandardar er ein fordel.
  • Gode språkkunnskapar, både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk

Vi søkjer deg som

  • Ønskjer å bidra til digitale, effektive arbeidsprosessar
  • Er opptatt av brukarperspektivet i tenesteutvikling
  • Evner å koordinere samarbeid på tvers
  • Er kreativ og sjølvstendig
  • Tar initiativ
  • Kan arbeide målretta og effektivt
  • Kan holde oversikten
  • Er serviceorientert og fleksibel
  • Har gode samarbeids- og formidlingsevner

Ved vurdering av søkjarane vil det verta lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som spesialbibliotekar etter lønssteg 56 - 60 (kode 1515) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 507 600 – 543 500. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fungerande seksjonsleiar Paul Simon Svanberg, tlf: 55 58 25 07 (kontor), 47 75 37 90 (mobil), e-post paul.simon.svanberg@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS