Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Bibliotekar
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100% stilling som bibliotekar (stillingskode 1410 bibliotekar). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for humaniora.
Arbeidsoppgåver:
Delta i førstelinjetenesta fysisk og digitalt
Delta i brukaropplæring og brukarrettleiing
Delta i oppgåver knytt til dokumentlevering, kunnskapsorganisering, registrering og katalogisering
Vera med å vidareutvikle dei fysiske læringsareala og formidlingsaktivitetane i biblioteket
Bidra til effektivisering, forbetring og fornying av arbeidsprosessar
Bidra til utvikling av tenester som gjev ein auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB si kjerneverksemd
Tenestene til UB er i stadig utvikling og endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Den som vert tilsett kan verta pålagd å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid, og evt. arbeide på andre UB bibliotek.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
Utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap på minst bachelornivå, eller tilsvarande, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensera for utdanningskravet
God digital kompetanse er naudsynt
Relevant arbeidserfaring frå UH-biblioteksektor er ein fordel
Erfaring med rettleiing og formidling er ein fordel
Gode evner til kommunikasjon på både norsk og engelsk
Personlege eigenskapar vi etterspør:
Du er initiativrik, fleksibel og omgjengeleg, med gode samarbeids- og formidlingsevner
Du er handlekraftig og løysningsorientert
Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Du er nytenkjande og service- og brukerorientert
Ved vurdering av søkjarar vil personlege eigenskapar verte vektlagde
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Spanande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
Løn som bibliotekar etter lønssteg 45 – 58 (kode 1410/LR15) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 425 600 – 524 900. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.