LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Universitetsbibliotekar

Søknadsfrist: 18.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit bredt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei 100% mellombels stilling som universitetsbibliotekar.

Stillinga er knytt til bibliotekets eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga. Arbeidsstad er campus Bergen, men stillinga har arbeidsoppgåver knytt til fleire campus og vil ha medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVLs fem campus. Denne stillinga har eit særleg ansvar for undervisning og rettleiing i informasjonssøking, referansehandtering og akademisk skriving for studentane. Stillinga vil medføra utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL og innan høgskulebiblioteket.

Stillinga er ledig i perioden 01.09.2021 – 31.07.2023.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing til studentar i informasjonssøking, referansehandtering og akademisk skriving – både fysisk og digital
  • Kontaktbibliotekar for utdanningar knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved campus Bergen
  • Ansvar for samlingsutvikling innan aktuelle fagområde
  • Brukaropplæring i og ansvar for system som Bolk og Leganto
  • Utviklingsoppgåver innan digital formidling
  • Skranketeneste
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Utdanning på minimum masternivå, gjerne innan bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
  • Erfaring med undervisning og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek er ønskjeleg
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i akademisk skriving er ønskjeleg
  • God digital kompetanse
  • Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Vi søker etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkande og initiativrik, fleksibel, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å både arbeide sjølvstendig og i team, og forutset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som universitetsbibliotekar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1199- .

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar for biblioteket: Turid Hitland, Tlf.: 55 58 55 44, E-post: Turid.Bogetvedt.Hitland@hvl.no

2) Einingsleiar for studiestøtte: Gunhild Austrheim, Tlf.: 55 58 56 69, E-post: Gunhild.Austrheim@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS