Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire einingar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressurser. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit breidt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulen sine faglege profil og ambisjonar.
Høgskulen på Vestlandet, Biblioteket har ledig fast stilling som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar campus Sogndal
Høgskulen på Vestlandet har ledig fast 100 % stilling som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar. Stillinga er knytt til biblioteket si eining for publikumstenester og rapporterer direkte til leiar for eininga. Arbeidsstad er campus Sogndal, men stillinga har arbeidsoppgåver knytt til fleire campus og vil ha medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av alle HVL sine fem campus. Stillinga vil òg medføre samarbeid med fagmiljø i HVL.
Arbeidsstad campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
medansvar for drifta av biblioteket si førstelinjeteneste, og delta i skrankevaktordning
vedlikehald og utvikling av Alma Fulfillment
ansvar for teknisk utstyr i publikumstenesta i Sogndal
innlån og fjernlån
purringar og erstatningskrav
vidareutvikling av biblioteket sine tenester innan formidling, marknadsføring og utoverretta kommunikasjon
vere med å vidareutvikle HVL-biblioteket Sogndal som møtestad og læringsarena
bidra inn i undervisning og rettleiing for studentar innan litteratursøk og referansehandtering
andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
god digital kompetanse
kjennskap til biblioteksystemet Alma, særleg Fulfillment-modulen, og andre biblioteksystem som til dømes Leganto vil vere ein fordel
god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert medarbeider som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkande og initiativrik, fleksibel, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å både arbeide sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som spesialbibliotekar / universitetsbibliotekar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 / 1199
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Avdelingsleiar Turid B. Hitland,tlf 55 58 55 44
2) Einingsleiar publikumstenester Camilla Wang Pedersen,tlf 52 70 26 06