Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig eit vikariat i 100% stilling som avdelingsingeniør, frå så snart som mogeleg til 31.01.2024.
Den som vil bli tilsett, vill bli tilsett ved Klinisk Institutt 2, og vil tilhøre ‘Translational molecular imaging in cancer’- gruppen til professor Emmet Mc Cormack samt Galenisk Farmasi. Endringer i gruppetilhøring kan skje om behovet til instituttet endres.
Arbeidsoppgåver:
organisering og drift av laboratoriet samt innkjøp av laboratoriets materialar og utstyr ved bruk av Bestillingssystem (UNIT4) og føring av EcoOnline
opplæring av master- og doktorgradsstudentar i ulike laboratorietekniske metodar
organisering av og praktisk undervisning i Galenisk farmasi
cellekulturar
forskjellige biologiske analysemetodar
PCR/RT-PCR
forefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene
I tillegg, må den som vert tilsett kan være knytt til forskingsprosjekter innan utvikling og utnytting av PDX modellar for akutt myeloid leukemi (AML) og myelodysplastiske syndrom (MDS), i samband med utvikling av nye biomarkørar, biletediagnostiske metodar og nye ultimate terapiar for desse kreftformene.
Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Du som søker må ha:
minimum utdanning på mastergrad nivå innanfor relevante fagområdet ( molekylbiologi/medisinsk cellebiologi og/eller Farmasi). Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
erfaring i bruk av bestillingssystem (UNIT4) og bruk av EcoOnline
erfaring i drift av laboratoriet og opplæring av lab personell
god munnleg og skriftleg engelsk og norsk er eit krav
erfaring frå celle- og molekylærbiologi, isolering og dyrking av primære cellekulturar, proteinanalysar (Western Blotting, ELISA), forskjellige biologiske analysemetodar( kloning, PCR/ Real-Time PCR, transfeksjon, Flow-cytometri)
kurs i forsøksdyrelære (FELASA B/C godkjenning) og erfaring med handtering av mus, vil bli vektlagt
erfaring i praktisk undervisning av studentar vil bli vektlagt
Du som søkjar må ikkje ha allergi for dyr eller kjemikaliar.
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten
er fleksibel og ha evne til problemløysing
kan arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn er for tida kr 449 900 – 485 800 (kode 1085, lønssteg 47-52, med Bachelorgrad). Løn er for tida kr 493 700 – 534 900 (kode 1085, lønssteg 53-58, med mastergrad). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.