Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig eit vikariat 8 månader som avdelingsingeniør.
Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan cellebiologi, molekylærbiologi og biokjemi som nyttast i biomedisinsk forsking.
Stillinga er knytt til prosjekta ”New concepts of protein regulation in health and disease” finansiert av Norges Forskningsråd og ”Discovery of post-translational N-terminal acetylation” finansiert av ERC.
Arbeidsoppgåver:
Cellekulturar
Forskjellige standard molekylærbiologiske analysemetodar
Protein analysar (Western Blotting, massespektrometri)
Forskjellige enzymatiske assays for å måle proteinmodifiseringar
Bruk av gjæren Saccharomyces cerevisae
Forefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene.
Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til forsking. Hovudoppgåver for stillingen vil vere planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forskning på protein N-terminal acetylering knytt til prosjekta. Både standard og avanserte metodar innan protein molekylærbiologi trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene. Det er forventa at stillingen vil støtte andre medlemmer av gruppa for å løyse større problemstillingar knytt til prosjekta
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha:
høgare utdanning innen molekylærbiologi eller biomedisin fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
røynsle frå arbeid med humane cellelinjer, Saccharomyces cerevisiae og grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, er naudsynt.
røynsle med in vitro enzymassays som måler proteinmodifiseringar inkludert isotopmerking
gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga.
Vi søkjer ein person som:
har stor arbeidskapasitet
har interesse for forsking
har god digital kompetanse og evne til å tilegne seg nye ferdigheiter
er ansvarsmedviten, sjølvstendig og kreativ, men samstundes kan arbeide i team
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn i stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) er for tida kr 449 900 – 485 800 (lønssteg 47-52) med bachelorgrad, og kr 478 300 – 493 700 (lønssteg 51-53) med mastergrad. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.