LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 24.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør 

Ved Institutt for biomedisin er det ledig eit vikariat 100% i 12 månader som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til Studieseksjonen ved instituttet og vil ha arbeidsoppgåver retta mot praktisk undervisning av instituttets studentar og studieadministrative oppgaver knytta til dette. Arbeidet inneber tilrettelegging, og i nokre tilfelle assistanse i laboratoriekurs i fysiologi, anatomi (makro og mikro) og kjemi/biokjemi, administrasjon av studenter i forbindelse med kurs i tillegg til emneadministrasjon. Det er ønskeleg med ein person som har brei fagleg grunnutdanning innanfor biologi, kjemi eller liknande og interesse for studieadministrativt arbeid. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt særleg.

Arbeidsoppgåver:

  • teknisk tilrettelegging av laboratoriekurs i fysiologi, kjemi/biokjemi og anatomi.
  • assistanse på kurs
  • studieadministrasjon, både kurs og emneadministrasjon kan inngå i stillinga
  • oppdatering av laboratoriejournalar
  • reinhald og vedlikehald av utstyr og inventar
  • Studia ved instituttet er i stadig utvikling og den som blir tilsett må å ta aktiv del i denne utviklinga. Innhaldet i stillinga og organiseringa av avdelinga vil derfor kunne endrast i samsvar med dette, og arbeidsoppgåver i andre avdelingar og grupper vil og kunne bli aktuelt.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ein bachelorgrad innanfor dei faga som vert undervist (biologi, fysiologi, cellebiologi molekylærbiologi, eller kjemi/biokjemi), eller tilsvarande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med undervisning og/eller formidling vil være en fordel.
  • Erfaring med studieadministrativt arbeid vil være en fordel.
  • God IT kompetanse
  • Det er ønskeleg med erfaring frå studieadministrative dataprogram
  • Den som blir tilsett må ha evne til å arbeide sjølvstendig, ha god ordenssans og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har høg motivasjon for stillinga
  • har eigna personlege eigenskapar

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida kr 480 900 – 516 800 (kode 1085, lønssteg 47-52, med Bachelorgrad), Løn er for tida kr 524 700 – 565 900 (kode 1085, lønssteg 53-58, med mastergrad). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Leder for studieseksjonen Bianca Nygård, 55 58 63 33, bianca.nygard@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS