Avdelingsingeniør (100 %, vikariat) - Institutt for biomedisin
Søknadsfrist: 29.06.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig eit vikariat (100%) i 12 månader frå august 2021 som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til Studieseksjonen ved instituttet og vil ha arbeidsoppgåver retta mot praktisk undervisning av instituttets studentar. Den som vert tilsett blir ein del av studieseksjonen med arbeidsplass ved Institutt for biomedisin.
Arbeidsoppgåver:
Teknisk tilrettelegging av laboratoriekurs i fysiologi, kjemi/biokjemi og anatomi
Assistanse på kurs
Studieadministrasjon, som vil inkludere arbeid med timeplanar, eksamen og anna
Oppdatering av laboratoriejournalar
Reinhald og vedlikehald av utstyr og inventar
Studia ved instituttet er i stadig utvikling og den som blir tilsett må å ta aktiv del i denne utviklinga. Innhaldet i stillinga og organiseringa av avdelinga vil derfor kunne endrast i samsvar med dette, og arbeidsoppgåver i andre avdelingar og grupper vil og kunne bli aktuelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må oppnådd ein mastergrad innanfor dei faga som vert undervist (biologi, fysiologi, cellebiologi, molekylærbiologi, eller kjemi/biokjemi), eller tilsvarande. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravetuttrykke
Søkjar må ha god evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på begge målformer; nynorsk og bokmål, samt på engelsk
Den som vert tilsett må ha evne til å arbeide sjølvstendig og ha god ordenssans
Erfaring med undervisning og/eller formidling vil være ein føremon
Erfaring med studieadministrativt arbeid vil være ein føremon
God IT kompetanse
Det er ønskeleg med erfaring frå studieadministrative dataprogram
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har høg motivasjon for stillinga
har eigna personlege eigenskapar
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47- 52 (for tida kr 439 900 – 475 800), med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300-483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.