Avdelingsingeniør / forskingsteknikar - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)
Søknadsfrist: 12.04.2021
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør/forskingsteknikar
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei 50% fast stilling som avdelingsingeniør/forskingsteknikar innan fagområdet metall. Det er ynskjeleg med oppstart i juni -21.
Fakultetet har kunstnarleg utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. For tida har fakultetet 180 tilsette og kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside.
Stillinga vil inngå i eit kollegium på KMD i Seksjon for verkstader og tekniske tenester som i dag har verkstadar innan fagfelta grafikk, tre og metall, fotografi, keramikk, tekstil og digitale verkstadar. Primær arbeidsstad for stillinga er metallverkstaden som ligg i fakultetet sine lokalar i Møllendalsveien. Stillinga rapporterer til verkstadleiar/seksjonsleiar under fakultetsdirektøren.
Arbeidsoppgåver:
Avdelingsingeniøren/Forskingsteknikaren har det daglege ansvaret for drift av metallverkstaden, og skal i samarbeid med kunstnarleg/vitskapleg stab legge til rette for høg kvalitet i utdanningstilbodet til studentane ved fakultetet.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Teknisk rettleiing av studentar.
Ivareta tryggleiken i verkstaden.
Samhandling med kunstnarleg/vitskapleg stab i planlegging av undervisning.
Vedlikehalde og vere med å vidareutvikle verkstaden når det gjeld maskinar, utstyr, materialar og teknikkar.
Ansvar for innkjøp/lagerordning.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For stilling som avdelingsingeniør: Bachelorgrad innan relevant fagområde. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokon tilfelle kompensere for utdanningskravet.
For stilling som forskingsteknikar: Fagbrev/dokumenterte kvalifikasjonar innan metallarbeid.
Brei kunnskap om metall og metalltilverking.
Oversikt over moglegheitene innan relevante produksjonsprosessar.
Evne til å tileigne seg ny kunnskap innan fagfeltet.
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
Det er en fordel med
Pedagogisk erfaring.
Gode allmenne datakunnskapar.
Kunnskap om bruk av CNC.
Personlege eigenskapar:
Serviceinnstilt, omgjengeleg og fleksibel.
Evne til å arbeida effektivt, nøyaktig og ryddig.
Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig.
Kvalitetsbevisst og resultatorientert.
Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima.
Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø.
Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) ltr. 47 – 53 (for tida kr. 430 500 - 474 500), stilling som forskingsteknikar (kode 1512) ltr. 41 - 48 (for tida kr. 393 000 - 437 400) etter kvalifikasjonar. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønn.
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
To referansar (namn og kontaktinformasjon).
Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no, mob. 95198327)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.