LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Windows serverdriftar ved IT-avdelinga – avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør

Søknadsfrist: 15.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Windows serverdriftar ved IT-avdelinga – avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som Windows tenardriftar avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør i Plattformgruppa.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar.

Plattformgruppa inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av tenarar og tenester som går på desse.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av Windows serverplattform. .
  • Drift og vedlikehald av applikasjonar på Windows serverplattforma.
  • Automatisering av driftsoppgåver og arbeidsflyt(Powershell, API´er og anna automasjonsverktøy).
  • Drift av til dømes SCCM, Exchange Online, Active Directory, både on-prem og i Azure m.m.
  • Drive fram gode sikringsløysingar for Windowsøkosystemet i samråd med kollegaer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Er IT-teknisk kompetent og nysgjerrig, har god teknisk forståing og likar å lære
  • deg nye teknologiar.
  • Stødig Windowskompetanse og interesse.
  • Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt.
  • Det er ein fordel med kjennskap til smidige metodar, DevOps/WinOps og metodikk for kontinuerlege leveransar.
  • Kjennskap til Powershell, git og Chocolatey(pakkeprogramvare) er også ynskja
  • Har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt.
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
  • For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning .

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) lønssteg 47-53 i (for tida kr 439 900 - 483 700) , overingeniørar (kode 1087) lønssteg 53 - 66 (for tida kr 483 700-604 700), eller senioringeniør (kode 1181) lønssteg 58 – 68 (for tida 524 900-626 100) det statlege lønsregulativet avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no, mobil 982 43 689)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS