Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester, er det ledig stilling som klientdrift systemingeniør (avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør) i gruppa for Klientdrift.
IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT- tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT- avdelinga har om lag 110 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar. IT- avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL - rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her.
Gruppa for Klientdrift inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av klientar (Linux, MacOS og Windows) og utskrift ved UiB. IT-avdelinga styrker nå gruppa for å kunne dekke behova til nye brukargrupper og auke kvaliteten i eksisterande tilbod. I løpet av 2024 skal gruppa blant anna utvikle løysningar for kodebasert klientdrift.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:
Generell drift av klientar og tilhøyrande verktøy/infrastruktur inkludert vedlikehald av konfigurasjon, programvarepakkar mm
Være med å vedlikehalde og vidareutvikle eit kodebasert driftskonsept.
Bidra til løysningar som er brukarvenlege og effektive
Saksbehandling på høgare teknisk nivå
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kjennskap til drift av klientar (Linux og MacOS ) og tilhøyrande verktøy, som Puppet, Ansible, CFEngine og MDM/Intune
God kompetanse på automatisering, bruk av api-er og skripting i for eksempel bash/shell, Python eller PowerShell
Kompetanse på Linux operativsystem og/eller MacOS
Kjennskap til versjonskontroll med tilhøyrande metodikk og arbeidsprosessar
Forståing av informasjonstryggleik
IT-teknisk kompetent, nysgjerrig og svolten på å lære nye ting
Høy arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
Du er god til å samarbeide og til å bygge relasjonar internt og eksternt. I tillegg evner du å forstå behova til brukarane våre
Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du fortel oss kva du kan og kva du ønsker å arbeide med. Vi har alltid plass til spannande medarbeidarar med ulik bakgrunn. Søk på stillinga og bli en del av vårt team i dag!
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) kr 460 600 - 557 100 , overingeniørar (kode 1087) kr 604 900 - 692 400 eller senioringeniør (kode 1181) 646 000 - 759 100 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Gruppeleiar Marcel Jean Biebricher (marcel.biebricher@uib.no, mobil 994 37 676) eller
Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378)
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling