LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør ved IT-avdelinga

Søknadsfrist: 18.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!

Ved IT-avdelinga, produktlinje sensitive forskningsdata og LabIT, er det ledig to faste stillingar knytt til utvikling og drift av løysing for behandling av sensitive personopplysningar.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.

Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vidareutvikling av teneste for sensitive personopplysningar.
  • Automatisering av driftsoppgåver.
  • Sikring av nettverk, operativsystem og applikasjonar.
  • Konfigurasjonsstyring av operativsystem og vitskapelege applikasjonar.
  • Feilsøking og feilretting på tenesta.
  • Dokumentasjon av teneste og rutinar.
  • Rettleiing og avansert brukarstøtte.

Oppgåvene til den som tilsettast vil avhenge av erfaring og kompetanse.

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søker deg som er interessert i sikring av forskningsdata i forsking og som har teknisk kompetanse innanfor noen av disse områdane:

  • Grunnleggende kompetanse om kryptering
  • Grunnleggende kompetanse om drift av brannmur/vpn
  • Erfaring med utarbeidelse av risiko- og sårbarhetsanalyser
  • Erfaring med løysingar og lovverk for handsaming av særskilte kategoriar personopplysingar eller skjermingsverdig informasjon
  • Kompetanse på sikring og drift av Linux, Nettverk og Windows
  • Kompetanse på drift av Vmware
  • Grunnleggende kompetanse innen programmering/skripting av PowerShell, Bash og/eller Python
  • Kjennskap til konfigurasjonsstyring med Puppet/MECM
  • Grunnleggende kompetanse innen installering og konfigurasjon av programmeringsverktøy og vitenskaplige applikasjoner(matlab/r tilsvarende)

Av personlige eigenskapar søker vi deg som:

  • Du likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Du er sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Du er fleksibel og løysingsorientert med evne til å tenke helhetlig
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga. For å bli tilsett som avdelings- eller overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) – lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700), overingeniør (kode 1087) – lønssteg 53-66 (for tida kr 483 700 – 604 700) eller senioringeniør (kode 1181) – lønssteg 58-71 (for tida kr 524 900 - 665 700) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktlinjeleiar Tore Linde (tore.linde@uib.no, mobil 99716980) eller
  • Produktgruppeleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.

Nyutdanna er spesielt oppfordra til å søke.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS