LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør - IT-avdelinga

Søknadsfrist: 14.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Vær med å forme framtidas IT-teneste til studentar og forskarar! Er du vår nye systemutviklar for Språksamlingane?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør

IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen (UiB) er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT- tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.

I 2016 fekk Språksamlingane ved Universitetet i Bergen ansvar for utviklinga og forvaltinga av forskingsressursar innom leksikografi, dialektologi, namnegransking og norrønt språk. Språksamlingane er den nasjonale vitskapelege dokumentasjonsresursen for norsk språk og forvaltar ei lang rekkje databasar og infrastrukturar. I produktgruppe digitale forskningstenester og produkter er det open to stillingar som er knytt til utvikling og drift av Språksamlingane. Stillingane inngår i er et tverrfagleg team som samarbeider tett med Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket og fagmiljøet ved Det humanistiske fakultet. Teamet har utvikla og drifter https://ordbokene.no og fleire andre ressursar. Det ligger mye spennande arbeidet fremme med å utvikle digitale språksamlingane videre og vi ynskjer derfor å tilsette dyktige systemutviklare.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i nyutvikling og vidareutvikling av Språksamlingane sine løysingar: integrasjonar, backend- og frontend- utvikling.
  • Programmere mot interne og eksterne og API-ar, samt bygge nye API-ar kor det er nødvendig.
  • Utnytte skytenester gjennom kode så langt det er mogleg.
  • Medverke til moderne og effektiv forvalting av tenester.
  • Medverke til det generelle arbeidet i miljøet kring utvikling hos Språksamlingane.
  • Medverke til at Språksamlingane og IT-avdelinga held seg oppdatert på relevant teknologi.
  • Du og produktteamet vil ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med andre relevante IT-ressursar frå avdelinga
  • Bidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og øvrig fagmiljø ved IT-avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha erfaring frå utvikling av webapplikasjonar.
  • Erfaring med, eller interesse for, teknologiane og rammeverka vi nyttar, til dømes skytenester (AWS), Python, PostgreSQL, JavaScript, OpenAPI, Git, gjerne med kompetanse på rammeverket Vue, eventuelt React eller Angular.
  • Gode evner til samarbeid og kompetansedeling.
  • Oppteken av å stadig lære nye ting.
  • Gode språkkunnskapar i norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk, samt gode kommunikasjonsevner.
  • Du kjenner til krav til universell utforming av IT-løysingar og har interesse for smidig metodikk og problemløysing.
  • For avdelingsingeniør og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.

Vi søker ein person som:

  • Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode.
  • Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse.
  • Viser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team.
  • Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne.
  • Kan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085)i lønssteg 47-53 i det statlege lønsregulativet (for tida kr. 439 900-483 700), overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53- 70 (for tida kr. 483 700-650 300 eller senioringeniør (kode 1181)i lønssteg 58-74 (for tida kr. 524 900-702 100) avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Produktleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, tlf 468 19 137

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS