LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent i kulturvitskap - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Søknadsfrist: 22.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent i kulturvitskap, med tilsetting frå 1. mars 2021. Stillinga er for ein åremålsperiode på 2 år, knytt til det NFR-finansierte prosjektet «SAMLA: National Infrastructure for Cultural History and Tradition Archives».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

SAMLA skal digitalisere og tilgjengeleggjere arkivmaterialet i tre sentrale norske tradisjonsarkiv: Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo, Norsk etnologisk gransking ved Stiftinga Norsk Folkemuseum og Etnofolkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen. Desse arkiva inneheld eit rikt kulturhistorisk materiale som vil bli gjort tilgjengeleg på nettsida samla.no som eitt felles digitalarkiv. Den tekniske infrastrukturen blir utvikla og vedlikehalden av Universitetsbiblioteket (UB) ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåvene vil omfatte digitalisering og kategorisering av materiale ved Etnofolkloristisk arkiv, og koding av dei digitale filene. Ein vesentleg del av arbeidet vil bestå i å setje seg inn i og forstå innhaldet i dokumenta og avgjere korleis dei skal kategoriserast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar bør ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kulturvitskap, kulturhistorie, museologi, folkloristikk, etnologi, historie, nordisk, namnegransking, norrøn filologi eller beslekta fag. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Ho/han må ha gode norskkunnskapar og vere fortruleg med norske dialektar. Søkjarar må kunne tyda handskrivne tekstar med stor variasjon i skriftbilde.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, der prosjektmedarbeidarane ved dei tre samarbeidande institusjonane og Universitetsbiblioteket i Bergen vil inngå i ein arbeidsfellesskap
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1020 vitskapeleg assistent) i det statlege lønnsregulativet, for tida kr. 458 500 per år i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine faglege kvalifikasjonar og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jan Heiret, telefon 55 58 97 62 eller e-post jan.heiret@uib.no,
  • Professor Kyrre Kverndokk, telefon 55 58 88 58 eller e-post kyrre.kverndokk@uib.no eller
  • Professor Hans-Jakob Ågotnes, telefon 55 58 22 08 eller e-post Hans-Jakob.Agotnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 22.11.2020

UiB-ID: 20/11695

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS