LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved DIPA (Institutt for politikk og forvaltning)

Søknadsfrist: 28.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Det er ledig 100 % stilling som vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning. Stillinga lysast ut for 18 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekt blir beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten undersøkt. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på ulike barnevernssystem.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes i hennar gjennomføring og leiing av forskningsprosjekta. Vi søkjer ein person som har høge ambisjonar for forskinga og som ynskjer seg ei karriere innan forsking. Sjå nettsida til Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA) og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

Vil inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med:

  • Koding av datamateriale
  • Administrere surveyundersøkingar
  • Praktiske oppgåver i tilknytning til prosjekt
  • Innhente tal- og statistisk materiale
  • Gjere statistiske køyringar
  • Bistå med å organisere konferansar og seminar
  • Gjennomføre litteratursøk
  • Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosiologi eller statsvitskap; andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert. Graden må vere avlagt innan søknadsfristen.
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativ og kvantitativ metode.
  • Erfaring med bruk av statistiske analyseprogram, som Stata, SPSS eller tilsvarande, er naudsynt.
  • Det blir sett krav til svært gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar i eit anna språk tel positivt
  • God administrativ IT - kompetanse
  • Det blir lagt vekt på eksamensresultat
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert er viktig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Høg arbeidskapasitet
  • Sterk motivasjon for forskingsområda til DIPA-senteret tel positivt

Vi tilbyr:

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.

Søknadsfrist: 28. august 2022.

Søknaden skal merkast 22/11348.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS