LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitenskapleg assistent (50 %) i møbeldesign med fokus på lys

Søknadsfrist: 02.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent (50 %) i møbeldesign med fokus på lys som materiale

Ved Institutt for design er det ledig ei åremålsstilling i 50 % stilling som vitskapleg assistent i møbeldesign med fokus på lys. Stillinga er for ein periode på 1,5 år frå tilsetjing.

Vi søker etter ein designar med kompetanse i møbeldesign, og ønsker at du har ei reflektert haldning til og entusiasme for design og kunstnarisk utviklingsarbeid.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i kunstnarleg utviklingsarbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til å støtte fagpersonalet med tilrettelegging av ulike undervisningsprosjekt, presentasjonar og førelesningar. Praktisk tilrettelegging av større prosjekt som for eksempel opptaksprøver, seminar og workshops ligg også til stillinga.

I stillinga inngår det drift og vedlikehald av fakultetets lysarkiv, samt å sørge for at HMS-krav blir varetatt.

Dette inneber:

  • Drift og vedlikehald av lysutstyr
  • Introduksjon og opplæring ved bruk av lysutstyr
  • Hjelp og rettleiing av studentar og tilsette i bruk av alt ovannemnd
  • Rettleiing knytt til materialar og søkefunksjonar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Oppnådd mastergradseksamen
  • Gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
  • Solide kunnskapar i møbelutvikling og kunnskap om lys som material
  • Erfaring frå fagfeltet og/eller undervisning vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Gode kommunikative evner for å fremje konstruktiv samhandling med studentar og tilsette

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som vitskapeleg assistent (1020) etter lønssteg 42 - 47 i det statlege lønsregulativet, avhengig av kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 417 900 - 449 900 brutto i fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål som viser at du har relevant utdanning
  • Søknadsbrev (400-500 ord, tilsvarande ca. 1 A4-side tekst) der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Mona Larsen (Mona.L@uib.no) eller
  • Førsteamanuensis Bente Irminger (Bente.Irminger@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS