Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitenskapelig assistent til utvikling av digital læringsstøtte (to stillinger)

Søknadsfrist: 18.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent til utvikling av digital læringsstøtte (engelsk lingvistikk) - to stillingar (mellombels)

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig to stillingar (inntil 20 prosent kvar) som vitskaplege assistentar frå 1. november 2020 til 15. juni 2021. Stillingane er knytte til utvikling av digital læringsstøtte i lingvistikkundervisninga ved bachelorprogrammet i engelsk.

Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tretti ph.d.- og postdoktorstillingar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium.

Prosjekt

Bachelorprogrammet i engelsk er i gang med eit større studiekvalitetsprosjekt der ein gjennom grundige prosessar skal redesigne studieprogrammet med vekt på meiningsfylt samsvar mellom arbeids,- undervisnings- og vurderingsformer for å arbeide fram eit heilskapleg program.

Tilsetjing i stillingane krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane. Dei tilsette vil samarbeide tett med fagmiljøet i engelsk lingvistikk og studiekonsulenten for faget.

Arbeidsoppgåver:

Dei som blir tilsette, skal i samarbeid med fagmiljøet i engelsk lingvistikk utvikle digital læringsstøtte som skal brukast på emne på 100-nivå i bachelorgraden i engelsk.

Utgangspunktet er at det skal utviklast modular i læringsplattforma Mitt UiB, som skal gje automatisk tilbakemelding på innleveringsoppgåver. Tilbakemeldingane skal vere ein kombinasjon av tekst, lyd og video. Dette skal og inkludere rettleiing i korleis ein kan jobbe vidare med fagstoffet. I Mitt UiB skal det utviklast interaktive modular med video- og/eller audiomodular som studentane skal bruke til øving, repetisjon og førebuing til eksamen.

Dei som blir tilsette, skal drive fram det meste av dette arbeidet. Det betyr å samarbeide tett med fagmiljøet for å kartlegge kva delar av pensum som kan passe i modulane på Mitt UiB, arrangere brainstorming og liknande aktivitetar for studentar, bygge modul i Mitt UiB og lage både oppgåver og tilbakemeldingar som skal inngå i modulen. Opplæring i naudsynte system vil bli gitt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den tilsette i den eine av stillingane bør ha mastergrad i engelsk (eller tilsvarande kompetanse). I den andre stillinga er det tilstrekkelig med bachelorgrad i engelsk (eller tilsvarande kompetanse).
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk
  • Emne i engelsk grammatikk og fonetikk/fonologi, anten frå UiB eller andre utdanningsinstitusjonar
  • Gode IT-kunnskapar, gjerne med erfaring frå digitale verktøy og produksjon
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapeleg assistent (kode 1020) i minimum lønssteg 51, for tida 456 000,- i full stilling før skatt for tilsette med mastergrad. For tilsette med bachelorgrad løn som vitskapleg assistent (kode 1019) i minimum lønssteg 42, for tida 396 700,- i full stilling før skatt.
  • For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Dei som tidligere har vore tilsett i stipendiatstilling eller har doktorgradskompetanse kan ikkje søkje stillingane.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Namn og kontaktinformasjon på to referansepersonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagkoordinator Dagmar Haumann på telefon 55 58 23 46 eller e-post dagmar.haumann@uib.no, eller til
  • Studiekonsulent for engelsk Hanne Svanholm Misje telefon 55 58 22 98 eller e-post hanne.misje@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknadsfrist: 18. Oktober 2020

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS