LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overtannlege (Seksjon for oral protetikk)

Søknadsfrist: 21.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overtannlege

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral protetikk, er det ledig ei heil fast stilling (100 %) som overtannlege med arbeidsplass ved Odontologisk universitetsklinikk. Stillinga kan eventuelt delast.

Arbeidsoppgåver:

Overtannlegen har saman med seksjonsleiar, eventuelt emneansvarleg, ansvar for den prekliniske og kliniske undervisninga i oral protetikk i grunnutdanning for studentar på integrert masterprogram i odontologi, kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS, bachelorprogram i tannpleie og spesialistkandidatar i spesialistdisiplinen. Overtannlegen har ansvar for god pasienthandsaming, god ressursdisponering (personell, materialar og utstyr) og bidra til god preklinisk- og klinisk- og teoretisk undervisning ved seksjonen, samt fagleg oppfølging av klinikken sitt personale. Overtannlegen har saman med seksjonsleiar arbeidsleiing av klinikkpersonalet og personalet på Ferdigheitssenteret. Overtannlegen har saman med emneansvarleg ansvar for at den prekliniske og kliniske undervisninga av studentar og spesialistkandidatar vert gjennomført etter studieplanar og faglege prinsipp vedtatt av Det medisinske fakultet og Institutt for klinisk odontologi. Vurdering av- og oppfølging av studentane sin prekliniske og kliniske progresjon og organisering av tilbakemeldingssamtalar vil vere viktige oppgåver. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i ulike faglege fora.

Overtannlegen rapporterer til seksjonsleiar. Overtannlegen er saman med seksjonsleiar ansvarleg for at klinikkseksjonen vert drive effektivt og på ein god måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar, system og tildelt budsjett. Det kan også bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege og spesialist i oral protetikk ved tilsetjingsdato. Det er ønskeleg at den som vert tilsett har brei erfaring innanfor klinisk verksemd, undervisning og administrasjon. Overtannlegen må være opptatt av å etablera ein kultur ved seksjonen som er prega av engasjerte medarbeidarar, eit aktivt fagmiljø, og som ser nytten av tverrfagleg samarbeid mellom seksjonane. Det er ønskeleg med pedagogisk utdanning. I 100% stilling kan/bør søkjar ha anna 20% stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde sine kliniske ferdigheiter.

Den som vert tilsett må på tilsetjingstidpunktet meistre norsk/skandinavisk både munnleg og skriftleg, kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, ha gode leiarevner, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt vere fleksibel og serviceinnstilt. Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane og fagkompetansen som er naudsynt for stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som overtannlege blir lønt 626 000 pr. år for ei fulltidsstilling. Løn er under justering. For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga samt ein funksjonsomtale av stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS