Forskar innan kognitive grunnlag for talfesting (QUANTA-prosjektet)
Søknadsfrist: 02.08.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Forskar
Det er ledig ei midlertidig stilling som forskar innan kognitive grunnlag for talfesting ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er for ein periode på 14 måneder frå 01.11.2026 til 31.12.2027, og er ein del av prosjektet «Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)», finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjennom eit Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Francesco d’Errico (CNRS Bordeaux), Russell Gray (MPI for Evolutionary Anthropology, Leipzig) og Rafael Núñez (UiB).
Arbeidsstad for stillinga er Bergen, Norge.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
QUANTA har som mål å rekonstruere opphavet til og utviklinga av talsystem: når og kvifor dei vart oppfunne, og korleis og kvifor dei vart diversifiserte. Det seksårige prosjektet, som starta i september 2021, er forankra ved tre institusjonar – UiB, CNRS Bordeaux og MPI EVA Leipzig – som samarbeider tett og har jamleg utveksling.
Forskaren vil vere ein del av teamet leia av professor Andrea Bender (UiB), og arbeidet vil vere retta mot den konseptuelle og teoretiske avklaringa som er nødvendig for storskala tverrfagleg koordinering av databaseutvikling og analysar.
Søkjaren må på søknadstidspunktet ha doktorgrad innan empirisk informert filosofi eller eit anna fagområde knytt til filosofien om numerisk kognisjon. Tilleggskompetanse innan kognitiv vitskap med vekt på numerisk kognisjon er svært ønskjeleg.
Søkjaren må ha inngåande kjennskap til litteraturen om mangfaldet av numeriske praksisar og deira kognitive og kulturelle grunnlag. Dette bør omfatte tverrkulturelle studiar av talsystem, kognitive system som vert nytta i numerisk tenking, språklege analysar av talord og taksonomiar for tal på tvers av representasjonsformat, i tillegg til breiare litteratur om konseptuell avklaring i vitskapleg praksis og den filosofiske diskusjonen om tal si natur.
Søkjaren bør kunne forstå og vurdere empiriske metodar for å teste teoriar om numerisk kognisjon, og må kunne gjennomføre representasjonsanalysar av talsystem.
Kjennskap til talsystem i andre format enn notasjonar eller leksikalske talord, til dømes tal i teiknspråk eller kroppsbaserte system, vil vere ein fordel.
Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og må vere villig og i stand til å samarbeide med andre.
Søkjaren må ha erfaring med tverrfagleg samarbeid og kunne dokumentere aktivitetar som har fremja kommunikasjon mellom forskarar frå ulike fagfelt.
Det vert kravd høg kompetanse i både skriftleg og munnleg engelsk.
Det vert venta brei vitskapleg interesse utover eige fagfelt. Kjennskap til forsking på kulturell og kognitiv evolusjon vil vere ein fordel.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje i vurderinga av kandidatane.
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli nytta i behandlinga av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurdering frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake.
Vi kan tilby:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
ei brutto årsløn på kr 685 900 (stillingskode 1109) i det statlege lønssystemet. For særleg kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare lønsauke vil vere avhengig av ansiennitet i stillinga.
Ei kort framstilling av forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. Dette bør omfatte eitt avsnitt om korleis kvart av kvalifikasjonskrava ovanfor er oppfylte (med særleg vekt på erfaringar som er relevante for QUANTA), og eitt avsnitt om korleis forskingsinteressene dine er relevante for den utlyste stillinga og QUANTA-konteksten.
CV
Stadfesta kopiar av vitnemål (høgare utdanning), karakterutskrifter og andre relevante attestasjonar. Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar.
Namn på to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Fullstendig publikasjonsliste
Publikasjonar i eige namn som du ønskjer skal inngå i vurderinga av søknaden (maksimalt 3).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.