Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig to vikariat (20 %) som instruktørtannlege. Eit av vikariata er frå 16.08.-31.10.2021, og det andre er frå 18.10.2021-13.06.2022. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for pedodonti. Søkjar må opplyse kva vikariat ein søkjer ev om ein søkjer på båe.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er ønskjeleg med erfaring frå allmenn praksis og undervisnings– eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som instruktørtannlege (kode 1015) med startløn for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjar med spesial-/spesialistkompetanse startløn kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.