Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i vassisotop meteorologi

Søknadsfrist: 23.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som forskar i vassisotop meteorologi. Vi brukar observasjonar og modellsimuleringar til å fremme grunnleggande forståing av prosessar i vasskrinslaupet i atmosfæren, og framstillinga av den i vêr og klimamodellar. Stillinga er for ein periode på 23 månadar og er knytt til ERC Consolidator Grant prosjektet ISLAS (Isotopic Links to Atmospheric Water’s Sources), finansiert gjennom programmet EU-H2020 og prosjekt S5P Water Vapour Isotopologues finansert gjennom ESA.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet:

Den sentrale målsetjinga i ISLAS-prosjektet er å fremme forståing av vêrsystem i arktiske område til atmosfærens vasskrinslaup. Grunnlaget av arbeidet er innsamlinga av eit nytt høgoppløyst datasett som speglar isotopsamansetninga i vassdamp med nyartig instrumentering frå forskingsfly og andre plattformar. Kunnskap frå målingane skal bli implementert i avanserte modellar, og gjer det mogleg å skilje mellom modellfeil frå ulike prosessar, som fordamping, numerisk diffusjon, konveksjon og mikrofysikk. Ved den internasjonale S5P H2O iso prosjektet lager vi eit bidrag til evaluering og utgreiing av nye høgoppløyste fjernmålingar av isotopsamansetning i atmosfæren frå Sentinel 5P satelittmissionen. Innanfor dette stimulerande miljøet tilby vi ei forskarstilling i 23 månadar som gjer moglegheit til ein unik kombinasjon av feltarbeid, fjernmålingar og modellsimuleringar.

Som forskar vil du vere knytt til Bjerknessenteret (BCCR). Bjerknessenteret er det største naturvitskapelege forskingssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging av observasjonsstrategiar frå forskingsfly som skapar moglegheit til optimal samanlikning mellom fjernmålingar og målingar på andre plattformar
  • bidrag til innsamling av vassisotopmålingar frå forskingsfly og andre plattformar
  • utgreiing av det romslege uttrykk av vassisotop i regionale vêrprediksjon modellsimuleringar med bruk av Sentinel 5P observasjonar og fleire datasett
  • utgreiing av potensialet og avgrensingar i datasett til bruk i studiar som evaluerer regionale modellar, til sensitivitetsstudiar, og avanserte diagnostiske verktøy til bruk i vêrmodellar, som f.eks. vassdamp tracers og tendency output.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor meteorologi, atmosfærisk dynamikk eller eit anna relevant fag, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med vitskapeleg scripting, programmering og dataanalyse (f. eks. Python, Matlab, R, C++, FORTRAN) er eit krav
  • Evne og interesse til å delta i vitskapelege og tekniske aspekt av feltarbeid frå forskingsfly er eit krav
  • Erfaring frå vitskapeleg feltarbeid og/eller modellering (bruk av store datasett, Linux clusters) er ein fordel
  • Kunnskap om stabile vassisotopprosessar og atmosfærisk vasskrinslaup er ein fordel
  • Prov på sjølvstende innan forsking og sterke skriftlege eigenskapar er eit krav
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Søkarar må kunne kommunisere aktivt og ha gode samarbeidsevner passande for ei større gruppe

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Den som blir tilsett, kan starte i 1. januar 2021 eller tidlegare.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing (1-2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit utgreiing (1 side) om forskingsspørsmål og tilnærmingar til samanlikning av målingar frå satellitt og forskingsfly med regionale modellsimulasjonar
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • publikasjonsliste
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS