LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (innstegsstilling) i automatisering av syntetisk kjemi / analyser i kjemisk syntese

Søknadsfrist: 31.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (innstegsstilling) i automatisering av syntetisk kjemi og/eller analyser i kjemisk syntese

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor (innstegsstilling) i automatisering av syntetisk kjemi og/eller analyser i kjemisk syntese. Stillinga er for ein åremålsperiode på seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som førsteamanuensis ved slutten av tilsetjingsperioden. Stillinga er knytt til infrastrukturen the Norwegian open infrastructure for high-throughput experimentation and scale-up (NorHTE) med funksjon som leder av laboratoriet for UiB-noden. Forventa oppstart første halvdel av 2026.Om instituttetKjemisk teknologi, kunnskap og kompetanse er essensielle faktorar for å møte aukande samfunnsbehov innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye material, kvalitetssikring og -analyser, for å nemne nokre tema som også står sentralt i berekraftsmåla (SDG) som FN har identifisert. Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master og ph.d.-nivå og er vertskap for eller partner i studieprogram innan til dømes kjemi, medisinsk teknologi, energi og farmasi. Vi har i dag 250 studentar, 80 tilsette inkludert 25 førsteamanuensar og professorar, og 40 phd-kandidatar (alt i ca-tal). Kjemisk institutt har satsa strategisk på oppbygging av en moderne forskingsinfrastruktur og har etablert HTE@UiB som et laboratorium for høykapasitetseksperimentering og er vertskap for den nasjonale NMR-plattforma i Norge.

Om arbeidsoppgåver

Vi søkjer kandidatar med interesse for og merittar innan utvikling, tilrettelegging og bruk av moderne robotteknologi og AI-teknologi til syntetisk kjemi, inkludert High-throughput experimentation (HTE) og automatisert reaksjonsanalytisk teknologi. Personen som vi søkjer må vise evne og vilje til å utvikle ein forskingsaktivitet som samhandlar synergistisk med resten av det syntetiske miljøet ved instituttet, inkludert men ikkje avgrensa til medisinsk kjemi og katalyse. Stillinga ber undervisningsansvar for emne innan syntetisk kjemisk automatisering og High-throughput experimentation, og vi søkjer kandidatar med engasjement for kollegiale tilnærmingar til undervisning og forståing for samfunnsoppdraget til universitetsutdanningar.

Som eit strategisk tiltak har Kjemisk institutt skaffa kommersielle plattformer for eksperiment med høg gjennomstrøyming (HTE@UIB), både i batch- og flytmodus, og har nyleg mottatt finansiering for å etablere NorHTE som ein nasjonal infrastruktur for akademiske og industrielle forskarar. Desse infrastrukturane er tenkt som ein plattform for å utvikle og gjennomføre samarbeidande forskingsprosjekt som nyttar synergien mellom moderne robotikk, AI-teknologiar og eksperimentell kjemi. Det vil òg vere eit knutepunkt for å lære opp studentar i slike tilnærmingar til syntetisk kjemi. Den utlyste stillinga er tillagt ansvaret som leiar for HTE@UiB-laboratoriet og UiB-noden til NorHTE. Vi søker ein kreativ og entusiastisk forskar og pedagog med gode organisatoriske og menneskelege evner som vil bidra til å profilere laboratoriet og instituttet gjennom ei sterk forskingslinje.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan kjemi eller andre tilsvarande relevante disiplinar. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 1. oktober 2025. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha dokumentert kompetanse innan forsking på områder som er relevante for teknologidreven syntetisk kjemi. 
  • Den vellukka kandidaten må ha dokumentere forsking av høg internasjonal standard.
  • Søkjarar må trivast med å arbeide i forskings- og undervisningsteam, både som leiar og deltakar, og difor ha sterke samarbeidsevner og organisatoriske ferdigheiter. 
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Den som vert tilsett, er forventa å bidra til eksternt finansierte forskingsaktivitetar. Erfaring frå arbeid med konkurransedyktige prosjektsøknadar er ein fordel. 
  • Erfaring med undervisning innan teknologidreven syntetisk kjemi er ein fordel.
  • Ein dokumentert interesse og talent for å bruke metodane på reelle problemstillingar vert rekna som ein fordel. 
  • Eit sterkt internasjonalt nettverk vert rekna som ein fordel. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 12 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.

Om innstegsstillinga

Ordninga med tilsetjing på innstegsvilkår skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til faste vitskapelege toppstillingar. Den som vert tilsett vil ha oppgåver knytt til undervisning, formidling av resultat og administrasjon. Delen av stillinga knytt til disse oppgåver avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov, og vert avgjort i samråd med instituttleiar ved tilsetjing.

Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

  • For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.
  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i løpet av tredje året.
  • Ei sluttevaluering skal utførast innan utgangen av det femte året.
  • Fast tilsetjing som førsteamanuensis avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering.
  • Språkkunnskap i norsk (eller et annet skandinavisk språk) er en fordel, men ikkje eit krav. Den som tilsettast må midlertidig kunne undervise på norsk innan fire år etter tiltredelse. Norskopplæring vil bli tilbudd.
  • Den som blir tilsett vil utføre dei same arbeidsoppgåvene som eit fast medlem av fakultetet.
  • Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden. 

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV (helst lasta opp som eit eige dokument, maksimalt 4 sider)
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.10.2025.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Krav for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved utløp av åremålsperioden

Arbeidsavtalen og utlysingstekst fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis.

I tillegg må følgjande krav må vere oppfylte for å få fast tilsetjing:

Krav til utdanningsfagleg kompetanseKompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger § 1-4. Ved UiB er kravet om grunnleggande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå konkretisert ved at følgande skal dokumenterast på bakgrunn av egen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:

  • Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • Evne til å reflektere over egen rolle, samt diskutere og grunngje eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing. 

Universitetspedagogisk basiskompetanseKravet i forskrifta inneber at kompetansekravet kan oppnåast enten ved at søkaren har gjennomført eit eige program på minimum 200 timar, eller kan dokumentere kompetansen gjennom ei kombinasjon av relevante kurs og eigen praktisk undervisning som kan vurderast å tilsvara eit program på minimum 200 timar.

UiB tilbyr kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse for nytilsette i vitskapelege stillingar. Kurset består av tre obligatoriske emnar og minst tre valfrie emnar (til samen 200 timer). 

Døme på dokumentasjonVurderinga av om disse kompetansekrava er oppfylt, kan bygge på dokumentasjon av følgande:

  • Gjennomførte kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse eller tilsvarande.
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning med utgangspunkt i emnets beskrivingar av læringsutbyte.
  • Forskingsrettleiing på ulike nivå.
  • Utprøving av ulike former for vurdering, læring og undervisning, irekna digitale, for å auke studentanes læringsutbytte.
  • Evne til å grunngi eiget lærings- og kunnskapssyn og forholda seg reflekterande til eigen lærarrolle.
  • Innhenting og bruk av tilbakemeldingar frå studentar, kollegar og samfunnet til å utvikle undervisnings- og læringsprosessar.
  • Evne til å analysere, utarbeide og vidareutvikle emnebeskriving og studieprogram. 

Pålegg om å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensisDer søker til førsteamanuensisstilling ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, skal vurderingskomiteen beskrive kva som står att. Søkaren vil da bli pålagt å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis.

Krav til tilsette i innstegsstilling som postdoktor

I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast førsteamanuensisstilling. Innan tre år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om førsteamanuensiskompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som førsteamanuensis.

Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.

Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som førsteamanuensis.

For å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved Kjemisk institutt (jamfør forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 1-4) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis, som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.

Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS