LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik: Hydrogeneksplosjonar i komplekse geometriar

Søknadsfrist: 01.09.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik: Hydrogeneksplosjonar i komplekse geometriar

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der eitt år består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning og formidling av resultat frå forskingsverksemda. Vi ynskjer søkjarar med variert bakgrunn, nyutdanna så vel som folk med relevant erfaring frå industri.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til gruppa for Energi- og Prosesstryggleik (EPT), og er finansiert av Fakultet for naturvitskap og teknologi som del av eigeninnsatsen frå Universitetet i Bergen (UiB) til Norwegian Centre for Hydrogen Research (HyValue), eit norsk Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Stipendiaten kan bli medlem av forskarskulen HySchool (www.hyschool.no).

Målet med doktorgradsprosjektet er å utforske kunnskapsstyrken («strength of knowledge» (SoK)) i risikoanalysar for hydrogensystem der turbulent forblanda forbrenning i komplekse geometriar representerer ein fare. Det er og relevant å samanlikne kunnskapsstyrken for liknande system som nyttar ulike brensel, samt å evaluere estimat frå brukarar av konsekvensmodellar for eksperiment utført i etterkant av simuleringane. Avhengig av kvalifikasjonane og preferansane til kandidaten kan arbeidet omfatte eksperimentelle undersøkingar og/eller modellering i PDRFOAM, ein open programvare for numeriske fluiddynamikkberekningar (CFD). Arbeidet vil bli gjennomført i samarbeid med andre prosjekt på hydrogentryggleik ved instituttet.

Stillinga gir ei unik moglegheit til fagleg fordjuping og personleg utvikling, samtidig som ein bidreg til å finne praktiske løysingar for energiomstillinga i samfunnet.

Kunnskapen og kompetansen som kandidaten tileignar seg gjennom arbeidet med doktorgradsprosjektet vil vere svært relevant for den globale energiomstillinga, og dermed arbeidsmarknaden. Relevante arbeidsoppgåver inkluderer programvareutvikling, ingeniør- eller konsulentarbeid for energi- eller prosessindustrien, eller akademia.

Det karrierefremmande arbeidet vil innebere undervisning, formidling, og rettleiing av master-studentar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anvendt fysikk eller matematikk eller eit relevant ingeniørfag (t.d. maskin, luftfart, kjemiteknikk, eller prosesstryggleik). Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.10.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert erfaring frå eksperimentelle undersøkingar av flammeakselerasjon og detonasjon og/eller numerisk modellering og simulering av tredimensjonal turbulent strøyming med kjemiske reaksjonar er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Erfaring frå ein eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • Utvikling av algoritmar for numerisk strøymingsberekning (t.d. OpenFOAM).
  • Programmering i C++ eller Fortran og skripting i MATLAB eller Python.
  • Erfaring med verktøy for simulering av kjemisk kinetikk, t.d. CANTERA eller CHEMKIN.
  • Erfaring frå kompressibel strøyming eller anvendt aerodynamikk.
  • Erfaring frå dataanalyse og tolking av større datamengder.
  • Kunnskap og erfaring frå utvikling og bruk av CFD-kodar.
  • Risikoanalyse og risikostyring i prosessindustrien.
  • Gode norskkunnskapar med tanke på undervisningsoppgåver.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 12 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der eitt år er karrierefremmande arbeid knytt til undervisning og formidling av resultat frå forskingsverksemda.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700 Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit motivasjonsbrev på engelsk, minimum 2 og maksimum 4 sider, som beskriv søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga, kva som gjer søkjaren kvalifisert til stillinga, og korleis søkjaren tenkjer å gjennomføre prosjektet. Brevet må eksplisitt beskrive korleis du oppfyller kvar enkelt av kvalifikasjonane som er nemnt som krav ovanfor. Brevet bør også adressere lista med ‘fordelar’ som vil bli brukt til å rangere søkarane. Vedlegget må lastas opp som ei eiga PDF-fil med overskrifta ‘Motivational Letter’.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av referansane bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS