LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Driftsteknikar (med fagbrev) - Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist: 02.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for tekniske anlegg i freda bygg? Då er du kanskje driftsteknikaren vi ser etter. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er: «Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet».

Ved Eigedomsavdelinga, Drift, er det ledig fast 100 % stilling som driftsteknikar. Stillinga er i dag plassert i driftsområda 1 og 2. Driftsområda har mellom anna ansvaret for Studentsenteret, administrasjonsbygningar, Griegakademiet og Det psykologiske fakultet. Mange av bygga er freda, og ein må ta omsyn til dei rammene som gjeld for freda bygg.

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver, og krev derfor at du har kunnskap innanfor fleire felt. Vi ser etter personar som har erfaring frå drift og vedlikehald av større bygg og tekniske anlegg. Dei tekniske anlegga er komplekse og har eit stort omfang. Det er strenge krav til inneklima som skal tilpassast opplæringsareal, publikumsareal, spesialverkstader, forsamlingsareal, kafédrift, basseng mm.

Vi er i ei tid prega av digitale endringar. Om få år vil BIM vere eit sentralt verktøy for ein byggdriftar. Det tyder at ein framtidig byggdriftar må være omstillingsvillig og ha evne å ta i bruk nye digitale verktøy.

Stillinga rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga bygg, elektro, ventilasjon, rør, kjøling. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Erfaring frå større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, klimatiserte rom, sentral driftskontroll ol. vil bli lagt særskilt vekt på.
  • Bruk av IT-verktøy er sentralt i arbeidskvardagen og dette er noko du må kunne godt.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eks. Bergenstesten nivå C1

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring med brannalarmanlegg, adgangskontroll m.m.
  • God fleirfagleg innsikt
  • Erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg
  • Erfaring frå sikkerheit og beredskap
  • Erfaring frå ROS
  • Erfaring frå arbeid i freda bygningar
  • Erfaring med navigering og bruk av 3D-modellar

Personlege eigenskapar:

  • Godt humør og stå-på-vilje
  • Evne til å arbeide effektivt, nøyaktig og ryddig
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Initiativrik med interesse for utvikling og endring
  • Serviceinnstilt
  • Kvalitetsbevisst
  • Resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i løn frå kr 461.300 – 524.900 (ltr.50-58) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Eigedomsforvaltar: Tone Wold, tlf 950 46 018

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS