LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Instruktørtannlege (fast og vikariat) ved Seksjon for pedodonti
Søknadsfrist: 07.03.2021

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (faste)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ein fast stilling 20 % som instruktørtannlege og eit vikariat 60 % som instruktørtannlege, med tilsetjing snarast mogleg. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for pedodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er krav om to års klinisk erfaring frå barnetannpleie i nordiske land og ønskeleg med undervisnings– eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, verdsette og like å arbeide med barn, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen.
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- stilling som instruktørtannlege (kode 1015) med startløn for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjar med spesial-/spesialistkompetanse startløn kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Løn er under vurdering.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
- to referansar (namn og kontaktinformasjon
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Overtannlege Astrid Halle, e-post; [email protected]
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.