Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstesekretær studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet (vikariat)

Søknadsfrist: 22.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstesekretær (studieadministrasjon)

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig eit eitt års vikariat i 100 % stilling som førstesekretær, med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.

Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag gjennom effektiv, etterretteleg og etisk bevisst administrasjon og forvaltning. Seksjonen arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. Fakultetet var tidleg ute med digital eksamen, og nyttar i utstrekt grad digitale hjelpemiddel i både vurdering, utdanning og forskingsformidling.

Det juridiske fakultet tilbyr Noregs mest populære utdanning, femårig masterprogram i rettsvitskap og er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til studieadministrative driftsoppgåver innanfor undervisning, eksamen og enklare saksbehandling, i tillegg til å avlaste kollegaer ved arbeidstoppar og fråvær.

Stillinga passar særs bra for deg som har erfaring med og trivst med å ha kontroll på fleire parallelle arbeidsprosessar og som kan arbeide etter godt utvikla prosess- og rutinerettleiingar. Du vil få varierte arbeidsdagar og må evne å halde hovudet kaldt i hektiske periodar.

Den som blir tilsett vil primært inngå i seksjonens studieårsgruppe, men kan også få andre studieadministrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget
  • praksis og erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming i universitets- og høgskulesektoren
  • god kjennskap til og erfaring med bruk av digitale sektorverktøy som Felles Studentsystem, Inspera, Office365 Oppgåveseminar, ePhorte og Mitt UiB
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk, begge målformer
  • effektiv, ansvarsbevisst og fleksibel
  • evne til å arbeide sjølvstendig
  • evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar
  • gode samarbeidsevner

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

Vi kan tilby

  • varierte oppgåver
  • hyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • løn som førstesekretær etter lønssteg 38 - 40 (p.t. kr. 376 500 – 386 200) (kode 1063 /LR 10 ) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Velkommen som søkjar!

Anonyme søknader

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS