Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskningsteknikar (sommervikariater) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 07.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsteknikar

Ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig fleire sommarvikariat som forskingsteknikar både heiltid og deltid i perioden frå mai/juni og ut august 2020

Deltaking i helgevakter kan inngå i stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk. Forsøk med dyr er regulert av fleire forskrifter og internkontrollrutinar.
  • Den som vert tilsett vil og drive opplæring av avdelinga sine brukarar knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon.
  • Kurs i forsøksdyrlære etter forsøksdyrforskrifta sitt minimum krav om slik opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon, men ikkje eit krav.
  • Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam i sommar.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar.
  • Søkjar må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 38-44 (for tida kr 376 500 – 408 600), for særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS