LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Tre stipendiatstillingar ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist: 07.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det psykologiske fakultetet, Institutt for samfunnspsykologi er det ledig 3 universitetsstipendiatstillingar (100%). Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25% undervisningsplikt. Stillingane er ein del av grunnbevillinga til Det psykologiske fakultet, og er finansiert av UiB. Planlagt oppstartsdato er i løpet av hausten 2022 (eller så snart som tilsetjingsprosessen er ferdig).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillingane til å styrke pågåande forskingsfelt ved instituttet i regi av våre forskingsgrupper, med hovudrettleiar tilsett ved Institutt for samfunnspsykologi.

Institutt for samfunnspsykologi har 8 forskingsgrupper og dei fleste av våre tilsette er knytt til ein av desse gruppene, men me har også tilsette som er med i forskingsgrupper ved andre institutt.

Forskingsgrupper ved Institutt for samfunnspsykologi:

Forskingsgrupper ved Det psykologiske fakultet med medlemmer som er tilsett ved Institutt for samfunnspsykologi:

Dersom du vil søkja på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe og utvikle ei prosjektskisse. Lenke til mal for prosjektskisse finnes her.

Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og tidlegare vitskapelege arbeid samt kvalitet og relevans på idé og planar for forskingsprosjekt. Sjølve forskingsprosjektet som kandidaten søker om, vil oftast bli vidareutvikla i samråd med den aktuelle forskingsgruppa og rettleiar.

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet enten ha oppnådd ein mastergrad i psykologi eller cand.psychol-grad
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillingane gjeld følgande:

Om stipendiatstillingane:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innen ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referansar) Lenke til mal finn du her.
  • Stadfesting om rettleiing og støtte til prosjektet. Lenke til mal finn du her.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar, masteroppgåve m.m.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS