Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

To 50 % stipendiatstillingar - Bergen Center for Brain Plasticity (Senter for krisepsykologi)

Søknadsfrist: 31.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

To stipendiatstillingar

Ved Det psykologiske fakultet, Senter for Krisepsykologi, er det ledig to mellombels stipendiatstillingar. Stillingane er knytt til «Bergen Center for Brain Plasticity» (BCBP) som er etablert av Helse Bergen og Universitetet i Bergen med støtte frå Trond Mohn stiftelsen og Kavlifondet. Formålet med senteret er forsking på hjerneplastisitet og psykiske lidingar med utgangspunkt i klinisk effekt av konsentrerte behandlingsformat.

Dei to stipendiatstillingane er innretta som 50% stillingar over 6 år og er retta mot klinikarar som har erfaring frå arbeid med konsentrerte behandlingsformat og som ønskjer å prioritere klinikknær forsking. Det er eit krav om at ein samstundes har tilsetjing i eit helseføretak der ein arbeider med konsentrerte behandlingsformat for pasientar med angstlidingar. Søkjarar må ha dokumentasjon på at helseføretaket der dei er tilsett vil leggje til rette for at dei kan arbeide 50% som stipendiat. Det er lagt opp til at stillingane skal vere samfinansiert likeleg mellom UiB og det aktuelle helseføretaket etter nærare avtale.

Dei som blir tilsett vil inngå i relevant forskerutdanning ved Det psykologiske fakultet

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre forskarutdanning og forskingsprosjekt knytt til konsentrert behandling av psykiske lidingar.
  • Gjennomføre forskarutdanning og bidra til datainnsamling, formidling og veiledning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha autorisasjon som psykolog og ha erfaring frå arbeid med konsentrerte behandlingsformat.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Aktuelle kandidatar må vere tilsett ved eit helseføretak og det må foreligge ein samarbeidsavtale om klinikk og forsking med Bergen Center for Brain Plasticity.
  • Erfaring frå arbeid med forsking og formidling vil vere ein føremon.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg, og ha gode norskkunnskapar.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillingane gjeld følgande:

Stipendiatstillingane er åremålsstillingar. Samla stipendiatperiode er inntil 6 år i 50%. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto (i 100 % stilling). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste)
  • Stadfesting frå forskingsgruppe og ph.d rettleiar
  • Stadfesting frå arbeidsgjevar/Helseføretak
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Gerd Kvale, direktør ved Bergen Center for Brain Plasticity, [email protected] telefon: 916 38 681
  • professor Jarle Eid, Senter for krisepsykologi, [email protected] telefon: +47 55 58 91 88, +47 930 35 253

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen