LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling - havets isotopgeokjemi i dag og tidlegare tider

Søknadsfrist: 15.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen er det ei ledig stilling som stipendiat for å utvikle og anvende nye tilnærmingar til bruk av isotopar på problem innan paleooceanografi/plaeoklimatologi ved FARLAB. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Føretrekt oppstart er våren 2021.

Om prosjektet

Geokjemiske analysar av sediment, fluid og fossil gjev eit unikt innblikk i tidlegare tider sin klimavariabilitet. Forskingsfasiliteten for avanserte analyser av lette stabile isotopar (FARLAB) jobbar aktivt med å utvikle nye metodar innan stabile isotopar for å studere dagens og tidlegare tiders klima, vær, havsirkulasjon og karbonsyklus. Vi søkjer etter ein kandidat som kan bidra i utvikling og bruk av desse metodane for å forstå klimavariasjon i havet, spesifikt for paleooceanografien i sen pleistocen. Framsteg på fleire område gjer at det vil bli noko fleksibilitet til å tilpasse studiet til kandidaten sine interesser og styrkar. Eit sentralt tema vil vere utvikling av mikroanalytiske teknikkar for analyse av oksygen- og karbonisotopar som tillèt å analysere dei minste individuelle foraminiferane, til og med enkelte kammer hos desse mikroskopiske havlevande organismane. Dette kan gjere det mogleg å auke forståinga av både tidlegare tiders klima og havsirkulasjon og spesielt koplinga mellom desse. Desse metodane kan òg brukast til å undersøkje havventilasjonen over svært korte tidsrom, korleis klimavariasjonen innan og mellom år vil endrast etter kvart som jorda går inn i ein veksthustilstand og korleis den hydrologiske syklusen og stabiliteten til havis kan endrast under slike forhold. Analysane av foraminiferar kan kombinerast med isotopanalysar ved FARLAB i regnvatn, sjøvatn, porevatn eller væskeinklusjonar i speleothemer (dryppstein). Det er mogleg å kombinere isotopsamansetning i vatn og kalsitt for betre å kvantifisere effekten av temperatur og ferskvatn på havsirkulasjonen. FARLAB gruppa er del av Bjerknessenteret for klimaforskning, og stipendiatar herifrå deltar vanlegvis i den norske forskarskolen CHESS, som tilbyr kurs for karriereutvikling og gjer mange moglegheiter for å bygge opp eit fagleg nettverk.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til utviklinga av mikroanalytiske stabilisotopmetodar og andre system ved FARLAB (utført i samarbeid med gruppa og med hjelp av ingeniørar og teknikarar).
  • Førebu og analysere foraminiferprøvar (omfattar mellom anna sikting av sedimentprøvar, plukking under mikroskop, reinsing og veging).
  • Dataanalyse og tolking, moglegvis i samarbeide med klimamodellører.
  • Det kan òg verte aktuelt med feltarbeid (tokt/ekspedisjon) for å skaffe data.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geovitskap eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Førstehandserfaring i geokjemi, fortrinnsvis stabilisotopgeokjemi, er ein stor føremon.
  • Førstehandserfaring med massespektrometer og relaterte komponentar, inklusivt vedlikehald eller metodeutvikling, er ein føremon.
  • God kjennskap til dataprosesseringsprogram er ein stor føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar)

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. t
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • dr. Ulysses Ninnemann, Institutt for geovitenskap, Tel.: +47 55 583521, email: ulysses@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS