LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE)

Søknadsfrist: 03.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er finansiert av UiB og er ein del av det nye Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohn stiftelse. CC.AGE er ein del av Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), leia av professor Bettina S. Husebø. SEFAS har om lag 15 tilsette og veks raskt med fleire nye forskarstillingar. SEFAS har kontor ved Alrek helseklynge og har fokus på innovasjon, tverrfagleg samarbeid, brukarinvolvering og samarbeid med industripartnarar. CC.AGE har tett samarbeid med Institutt for informatikk, UiB; Senter for ernæring, Institutt for klinisk medisin, UiB; og Bergen senter for etikk og prioriteringer i helse (BCEPS), UiB.

CC.AGE starta formelt i februar 2024 med mål om å støtte eldre med komplekse kroniske sjukdommar i å bu trygt og uavhengig heime, ved å utforske og utvikle relevant teknologi. Senteret har totalt sju ph.d.- og postdoktor-stillingar. Den aktuelle kandidaten vil jobbe med å vurdere om ulike sensorar kan gje pålitelege mål for helsetilstanden, samt utvikle og teste digitale psykologiske og sosiale intervensjonar hos eldre med samansette sjukdommar. Vidare vil kandidaten medverke til gjennomføringa av ein RCT for å undersøkje om ei digital plattform vil betre ressursbruken og livskvaliteten i den same brukargruppa. Det er venta at prosjektet vil gje resultat av høg klinisk relevans som kvalifiserer for publisering i vitskapelege tidsskrift som er fagfellevurderte og internasjonalt anerkjende. SEFAS legg til rette for vitskapeleg karrierebygging med eit langsiktig perspektiv.

Les meir her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stipendiaten skal medverke til å utvikle og drive CC.AGE-prosjektet med fokus på proof of concept-testing (POC-testing) av ulike sensorar (t.d. Somnofy, Empatica og Garmin) som kan nyttast av heimebuande eldre personar med komplekse kroniske sjukdommar.
  • Stipendiaten skal òg utvikle og teste digitale psykologiske og sosiale intervensjonar retta mot brukargruppa i samråd med Forskningssenter for Digitale Helsetjenester.
  • Stipendiaten skal medverke med gjennomføring av ein RCT der vi vil teste om ei digital plattform kan betre ressursbruk og livskvalitet hos heimebuande eldre med samansette sjukdommar.
  • Stipendiaten skal behandle og analysere data og formidle resultat til fagmiljøet i form av vitskapelege artiklar og innlegg på konferansar, og dessutan til eit allment publikum via media.
  • Undervisningsdelen av stillinga vil vere knytt til relevante undervisningsoppgåver på SEFAS, IGS eller Det medisinske fakultet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin, psykologi, farmasi, sjukepleie eller andre relevante helsefag.
  • Det er eit krav at søkjar meistrar munnleg norsk, då ein må kunne kommunisere på norsk med helsepersonell og eldre pasientar.
  • Erfaring med norsk helsevesen og eldre personar med komplekse kroniske sjukdommar er ein fordel.
  • Erfaring med behandling og analyse av digitale data er ein fordel.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt.
  • Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må ha evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk er naudsynt, sjå dokumentasjonskrav.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar her.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning (ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59) 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Line Iden Berge, førsteamanuensis ved UiB, e-post: line.berge@uib.no, telefon: 988 57 354

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS