LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat - Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS)

Søknadsfrist: 01.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”ActiveAgeing ”, og er finansiert av Unifob og GC Rieber Fondene.

ActiveAgeing er eit pågåande forskingsprosjekt med overordna mål om å promotere ein aktiv alderdom for både friske eldre og personar med nevrologisk sjukdom. Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans. Hovudfokus er å undersøkje faktorar som er forbunde med ein aktiv alderdom, og å kartlegge kva som er viktig for å oppnå eit optimalt mentalt, fysisk og sosialt aktivitets- og funksjonsnivå inn i alderdomen. Dette inneber blant anna å implementere og teste ny teknologi som gjer det mogleg å overvake og analysere fysiske variablar (t.d. aktivitetsnivå og søvn).

Meir informasjon om ActiveAgeing finst her.

ActiveAgeing inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS, og prosjektgruppa består per i dag av to stipendiatar (finansiert av UiB) og to postdoktorar (finansiert av GC Rieber og UiB). Alle er tilsett ved SEFAS og deltek i eit forskingsnettverk med erfaring og ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos heimebuande eldre og personar med demens. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Som hovudoppgåve skal stipendiaten ha ansvar for å gjennomføre ei oppskalering av ActiveAgeing-intervensjonen der heimebuande personar skal kartleggast over tid ved hjelp av sensorregistrering (kombinasjon av bærbare og stasjonære sensorar, med aktiv og passiv registrering). Det skal rekrutterast deltakarar frå to grupper: Heimebuande personar med Parkinsons sjukdom (DIGI.PARK subgruppe) og heimebuande personar som bur i eit særleg tilrettelagt fellesskap for aktivitet i alderdomen (Helgetun subgruppe).

Stipendiaten har ansvar for rekruttering av 70-90 deltakarar til ActiveAgeing. Dette inkluderer å kontakte og informere potensielle deltakarar, innhente informert samtykke, installere og implementere intervensjonen, og følgje opp datainnsamling. Stipendiaten skal også behandle og analysere datasettet ved bruk av avanserte metodar, i samarbeid med kompetansegrupper ved Neuro-SysMed og Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i informatikk, systemteknikk, kybernetikk, anvend matematikk eller anna relevant grad på same nivå, søkjar må i tillegg ha ei spesialisering i bioinformatikk, maskinlæring/kunstig intelligens, simulering/visualisering, dynamiske system eller signalprosessering/reknevitskap
  • kandidaten må ha gode evner innan programmering, god generell kunnskap om algoritmar og numeriske metodar, og basiskunnskap om signalprosessering og modellering av dynamiske system
  • i tillegg vil det telle positivt om kandidaten har kjennskap til Matlab, R, og/eller Python; avansert signalprosessering (for eksempel filtrering og fjerning av støy); modellering av ikkje-lineære system; eller biomekanikk
  • erfaring med eldreomsorg eller forsking relatert til dette er ein fordel, men er ikkje avgjerande
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • flytande norsk (munnleg og skriftleg) og god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn for tida kr. 510 000 i lønsregulativet til staten (kode 1017/lønnsramme 20.10). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling for tida kr 526 000, for søkjarar med spesialistutdanning for tida kr 545 000
  • medlemsskap i Statens pensjon
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Ane Erdal, e-post: ane.erdal@uib.no, tlf.: +47 55 58 60 36

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS