Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i teoretisk fysikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i teoretisk fysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Den teoretiske fysikkgruppa arbeider med eit breitt spekter av forsking innan kvantefysikk, partikkelfysikk og kjernefysikk. Det annonserte doktorgradsprosjektet vil handtere beskrivinga av sterkt kobla system som blir produserte i tungionkollisjonar ved LHC. QCD-jetobservables, som er partikkelskurar som består av kvarkar og gluonar, er særleg eigna til å undersøkje den dynamiske utviklinga av kvark-gluon-plasmaet som blir skapt i desse kollisjonane. Prosjektet vil fokusere på å utvikle høgpresisjonsberekningar av jetobservables gjennom ein systematisk tilnærming basert på effektiv feltteori, noko som er svært relevant i samanheng med framtidige oppgraderingar av LHC-akseleratoren. Det inneber å utvikle nye berekningsmetodar for å handtere relativistisk partikkelspreiing i både likevekts- og ikkje-likevektsbakgrunn. Dersom du er interessert i desse tema, oppmodar vi deg til å søkje!
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i teoretisk fysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.09.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå eller kompetanse innan teoretisk partikkelfysikk eller kjernefysikk er eit krav. Dette kan du dokumentere til dømes gjennom temaet for masteroppgåva di.
Erfaring frå eller kompetanse innan kvantekromodynamikk (QCD) eller termisk feltteori er ein fordel.
Gode kunnskapar innanfor vitskapleg databehandling og numeriske metodar er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidligare har vore tilsett i (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande) , kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i et godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endelig plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 55 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ein årslønn på kr 540 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjarens forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.09.2024
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.