LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i sesongvarsling av vêr og klima

Søknadsfrist: 28.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i meteorologi og klima. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa i klimadynamikk ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PhD stillinga vil være ein del av senteret for forskingsdrevet innovasjon (SFI) - Climate Futures finansiert av det Norges Forskningsråd. Climate Futures har som hovudmål å produsere nye og innovative løysningar for å forutsjå og handtere klimarisiko frå 10 dagar til 10 år framover, Senteret er eit konsortium som består av sju forskingspartnarar og nærmare 30 brukarpartnarar frå næringslivet. Desse representerer bransjar som landbruk, fornybar energi, katastrofeberedskap, skipsfart, forsikring, finans, risikostyringstenester, samt offentlege organisasjonar.

Sentralt i sesongvarsling er bruk av varslar frå numeriske sesongvarslingsmodellar for å utvikle brukarorienterte klimaprognosar gjennom eit breitt spekter av metodar for omkalibrering, samt strategiar for multimodellkombinasjonar av dei numeriske prognosane. Dette har vist seg å ha eit potensial for å auke treffsikkerheten for prognosane.

Oppgåva for denne PhD-stillinga er å utforske bruken av nye metodar for optimal bruk av dei numeriske sesongvarslingsprognosane, ved å undersøkje moglegheitene for å bruke innovative statistiske og maskinlæringsmetodar i samspel med dei tradisjonelle sesongvarslingsprognosane.

Fokus vil vere på nedbørsrelaterte prognosar for Nord-Europa.

  • Kandidaten vil starte med å undersøkje pålitelegheita og nøyaktigheita til utvalte numeriske sesongvarslingssystem tilgjengelege frå Copernicus Climate Change Service (C3S).
  • Gjere seg kjent med metodar for saumlaus omkalibrering mellom historiske og sanntidssimuleringar, samt kombinasjonsstrategiar for bruk av fleire varslingsprognosar.
  • Kandidaten vil vidare undersøkje strategiar for bruk av maskinlæring for å utvikle eit hybridsystem som koplar saman dei numeriske varslingsprognosane og effektive maskinlæringsalgoritmar for å forbetre prognosane.
  • Kandidaten vil evaluere meirverdien av slike hybridsystem samanlikna med meir tradisjonelle tilnærmingar.

Arbeidet vil verte gjort i samarbeid med forskarar og brukarmiljø i Climate Futures og kandidaten vil jobbe i eit svært internasjonalt arbeidsmiljø som ein del av Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) og Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. BCCR er det største naturvitskapelege klimaforskingssentra i Norden og blant dei ledande sentra i Europa med rundt 200 forskarar frå 37 land. Som stipendiat vil du og verte ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - Changing Climates in The Coupled Earth system (CHESS, https://chess.w.uib.no/) som tilbyr ei rekke relevante PhD kurs.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan meteorologi, statistikk, maskinlæring, anvendt matematikk eller relaterte fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.05.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert kunnskap innan eit eller fleire av emna meteorologi, klimatologi, maskinlæring eller tradisjonelle statistiske metodar er påkrevd.
  • Erfaring innan vitskapeleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia, C / C ++ eller liknande er eit krav.
  • Erfaring med meteorologisk eller klimatologisk dataanalyse vil være eit føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjaren må være villig til å lære seg norsk om ein ikkje allereie kan det.
  • Prosjektet involverer fleir norske brukarmiljø og ferdigheiter i norsk vil være ein føremon.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200 ,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.05.2021).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Asgeir Sorteberg, Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen (asgeir.sorteberg@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS