LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i romfysikk

Søknadsfrist: 22.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet "Ionospheric Impact Response Analysis by Regional Information Integration" finansiert av Norges forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PhD-kandidaten vil vere knytt til gruppa “Dynamics of the Asymmetric Geospace” ved Birkeland Centre for Space Science. Hovudspørsmålet denne gruppa arbeider med er "Kvifor er verdsrommet rundt jorda asymmetrisk?" og "Kva romlege- og tidsskalaer er viktigast for dynamikken i rommet rundt jorda?". PhD-prosjektet vil vere ein del av eit nytt prosjekt som handlar om å utvikle metodar for å kombinere data slik at ein får eit heilskapleg bilete av elektrodynamikken i ionosfæra. Målet er å forstå korleis ionosfæren responderer til brå endringar i magnetosfæra. PhD-prosjektet vil ta utgangspunkt i teknikkar for å kartlegge ionosfæriske strømmer frå magnetometermålingar frå bakke og satellitt. Arbeidet vil bli gjort i nært samarbeid med andre medlemmar i forskingsgruppa. Eit meir spesifikt PhD-program vil bli definert i samarbeid med den utvalde kandidaten.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i romfysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 20.12.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vi ser etter kandidatar som kan dokumentere framifrå kunnskapar innan romfysikk om polar breddegrader.
  • Det er også eit krav at kandidaten har framifrå kunnskapar innan vitskapeleg programmering med Python.
  • Følgande kvalifikasjonar vil vere ein føremon: Erfaring med dataanalyse, spesielt relatert til ionosfæriske strømmer ved polare breddegrader. Erfaring med analyseteknikkar som sfæriske elementære strømfunksjonar vil vere ein spesiell føremon. Erfaring med løysing av inverse problem vil og vere ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 20.12.2020.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar Karl Laundal, Birkeland Centre for Space Science, +4791350772

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS