LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i pollineringsøkologi i fjordlandskapets frukthagar

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i pollineringsøkologi i fjordlandskapets frukthagar

Ved Institutt for biovitskap i forskingsgruppa «Ecological and Environmental Change Research Group (EECRG)» er det ei ledig stilling som ph.d. stipendiat i pollineringsøkologi. Stillinga er knytt til prosjektet ”Assessment of Pollination Provisioning in agricultural Landscapes and the roles of Environment and Climate on Resilience (APPLECORe)”, eit samarbeidsprosjekt leia av Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) i samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), Universitetet i Bergen, Universitetet i Essex og NORCE. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

APPLECORe-prosjektet representerer eit konsortium av internasjonale forskarar og representantar frå fruktnæringa og forvaltninga som saman vil forske på rolla og betydninga av ville og tamme pollinatorer for fruktproduksjonen. APPLECORe-prosjektet er sett saman av fleire aktivitetar bygd rundt tre sentrale forskingstema:

1. Feltforsøk for å undersøkje storleik på populasjon av ulike artar av bier, deira besøksfrekvensar på frukttre, og mengda overført pollen av dei ulike bieartane.

2. Bruk av molekylære metodar for å finne ut graden av genflyt via pollenspreiing i landskapet. Ved å bruke desse metodane kan man kartleggje distansane dei ulike pollinatorane transporterer pollen, og korleis dette er med på å oppretthalda genetisk diversitet i fruktkulturar, og korleis desse prosessane kan resultere i auka mengde og kvalitetet på fruktavlingane.

3. Undersøkje korleis samansetning av pollinatorartar vert regulert av klima og lage predikasjonar på korleis endringar i pollinatorsamfunn kan ha innverknad på pollinering og fruktavlingar.

Den som vert tilsett vil ta del i eit tverrfagleg konsortium av forskarar og vert involvert i å gjennomføre feltforsøk på Vestlandet og Austlandet. Feltforsøka inkluderer undersøkingar av pollenavsetjing og innsamling av pollinerande insekt i blømingsperioden (mai-juni) og frukt kvalitet og avlingsvurderingar i haustetida (september-oktober).Den som vert tilsett vil og gjennomføra genetiske analyser av genflyt (med støtte frå forskarar på NINA, NIBIO og Universitetet i Essex). Noko av laboratoriearbeidet kan innebere forskingsopphald på Universitetet i Essex i Storbritannia.

Om stillinga som ph.d. stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av pliktarbeid (til dømesundervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette er avhengig av kandidatensine kvalifikasjonar og instituttet si trong for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar vedtilsetjing.Har du tidlegare vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent ellerliknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- gradinnanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Detmatematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter du har tiltredd stillinga eller etteroppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnadat du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du endå ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du fyller krava til engelskkunnskapar (jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar,gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS