Stipendiat i metallorganisk kjemi og homogen katalyse
Søknadsfrist: 28.11.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i metallorganisk kjemi og homogen katalyse
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i berekningsbasert og eksperimentell metallorganisk kjemi og homogen katalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen via Norsk senter for hydrogenforsking (HyValue), eit forskingssenter for miljøvenleg energi (FME).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ammoniakk er den viktigaste ingrediensen i produksjon av kunstgjødsel, og er også ein svært lovande karbonfri energiberar. Ammoniakk vert produsert via den såkalla Haber-Bosch-prosessen som krev høye temperaturar og trykk, og som nytter hydrogen frå naturgass. Forskargruppa jobbar for å gjere ammoniakkproduksjonen meir berekraftig og miljøvenleg, og utviklar katalysatorar og prosessar for syntese av ammoniakk direkte frå vatn og nitrogen.
Stipendiatprosjektet er eit ledd i dette arbeidet, og stipendiaten vil, saman med andre forskarar i prosjektgruppa, designe, syntetisere og teste nye katalysatorar for omsetting av nitrogen og vatn til ammoniakk. Generelt nytter forskargruppa innsikt og prediksjonar frå kvantekjemiske berekningar til å designe katalysatorar, og desse katalysatorane vert, i neste omgang, syntetisert og testa i gruppa sitt laboratorium. Vi søkjer ein stipendiat med rett bakgrunn og motivasjon for både berekningsbasert og eksperimentelt arbeid. Denne kandidaten vil, med andre ord, både predikere nye katalysatorar, ved hjelp av kvantekjemiske berekningar, og følgje opp dei mest lovande prediksjonane med syntese og testing.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha solid bakgrunn frå metallorganisk kjemi, med vekt på syntetiske tilhøve.
Erfaring med homogen katalyse er eit krav.
Kandidatar må dokumentere kunnskap om kvantekjemiske metodar (til dømes frå kurs i kvantekjemisk teori) og/eller erfaring med anvendt kvantekjemi.
Solid erfaring med standard teknikkar for strukturkarakterisering, slik som med avanserte NMR-spektroskopiske metodar, røntgenkrystallografi og MS er eit krav.
Erfaring med andre analyseteknikkar som IR, GC, GC-MS og elementanalyse, er ein føremon.
Erfaring frå organisk syntese er ein føremon.
Den som vert tilsett må ha:
gode evner til kritisk tenking og skriving.
evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial for vitskapleg karriere vil også bli vurdert og gitt betydeleg vekt.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.