Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
I De nordiske hav og Arktis blir varmt overflatevatn som strøymer nordover gradvis nedkjølt av den kaldare atmosfæren. Etter kvart som vatnet blir kaldare, blir det tyngre og søkk. Det kalde vatnet vender så snuten sørover og strøymer mot djupet av Atlanterhavet. Denne sirkulasjonen, der varmt vann strøymer nordover i overflaten og kaldt vann strøymer tilbake sørover i djupet, kallas for omveltingssirkulasjonen i Atlanterhavet. Denne omveltinga er en viktig del av den globale havsirkulasjonen og klimasystemet. Å forstå kva som driv endringar i omveltingssirkulasjonen i de nordiske hav og korleis denne sirkulasjonen påverkast av et varmare klima er dermed viktig.
Doktorgradskandidaten vil undersøkje mekanismane som driv endringar i omveltingssirkulasjonen i De nordiske hav. Prosjektet vil også analysere korleis endringar i omveltingssirkulasjonen i De nordiske hav påverkar havsirkulasjonen i den subpolare Nord-Atlanteren. Doktorgradsprosjektet vil bruke tilgjengelege observasjonar og havmodellar/reanalyser.
Hovudrettleiarar for doktorgradskandidaten vil være Dr. Marius Årthun. Arbeidet er tilknytt prosjekta “Overturning circulation in the new Arctic (ArMOC)” finansiert av Norges Forskningsråd og “Dynamics of the North Atlantic surface and overturning circulation (DYNASOR)”. Som stipendiat i oseanografigruppa ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er Nordens det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima og har eit bredt internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.
Søknadar ønskast frå kandidatar med erfaring og interesse for, havsirkulasjon, hav-atmosfære interaksjon og klimadynamikk, spesielt i Arktis og Nord-Atlanteren.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha erfaring innan statistisk analyse av observasjonar eller data frå numeriske modellar relatert til hav eller klima.
Det er ønskeleg at kandidaten har kjennskap til havsirkulasjon og hav-atmosfære koplingar i Arktis og Nord-Atlanteren.
Kompetanse innan vitskapeleg programmering (for eks. Matlab og Python) er ønskjeleg.
Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei utgreiing om korleis søkjaren oppfyller dei kvalifikasjonane og eigenskapane stillinga krev.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.