Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i havteknologi - marin optikk

Søknadsfrist: 02.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i havteknologi - marin optikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i havteknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga er finansiert av UiB.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I marin optikk forskar vi eksperimentelt og teoretisk på lystransport i vatn, inkludert forsking på spektrale variasjonar, vinkelfordeling og polarisering av lysfeltet, i tillegg til absorpsjons- og spreiingseigenskapar til materien i havet, som plankton, mineralpartiklar og oppløyst organisk materiale.

Avhengig av PhD-kandidaten sin bakgrunn og forskingsinteresser, vil han eller ho jobbe med eitt eller begge av følgjande tema relatert til forskingsaktiviteten i marin optikk ved instituttet:

  • Karakterisering av ultrafiolett og synleg lys under vatn, og påverknaden på primærproduksjon, hemming av bakterievekst, produksjon av vitamin-D i fisk og sikt for marine dyr med varierande spektral sensitivitet på netthinna. Lysfeltet under vatn vil blir karakterisert gjennom ein kombinasjon av in situ målingar, modellering av strålingstransport og bruk av havfargedata målt med satellitt.
  • Optisk identifisering og overvaking av ulike algeartar, inkludert bruk av avbildingsteknikkar av fluorescenslevetider og lidarteknologi under vatn. Hovudmålet er å kunne identifisere og overvake lakseluslarvar og planktonartar som kan verte giftige, begge variantar er eit stort problem for oppdrettsnæringa.

Prosjektet vil bli utført i samarbeid med Institutt for Fotonikk ved Danmarks Tekniske Universitet (DTU) og det er forventa at kandidaten oppheld seg deler av tida ved DTU.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i havteknologi eller fysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må argumentere tilfredstillande for korleis bakgrunnen og erfaringa deira er ein fordel for denne spesifikke stillinga.
  • Erfaring frå eksperimentelle metodar relatert til marin optikk er eit krav.
  • Erfaring frå feltarbeid til sjøs er ein føremon.
  • Erfaring frå strålingstransport er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon (for undervisningsplikter).

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS