LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i havbruksbiologi / fiskefysiologi

Søknadsfrist: 02.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i havbruksbiologi/fiskefysiologi

Ved Institutt for Biovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i havbruksbiologi/fysiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år med pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og er knytt til Senter for Forskingsdreven Innovasjon (SFI) “Research-based Innovations in Controlled-environment Aquaculture (CtrlAQUA)”.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-prosjektet vert ein del av CtrlAqua-prosjekta PREVENTIVE og ROBUST kor stipendiaten vil jobbe med korleis miljømessige og biologiske faktorar påverkar produksjon av laksefisk. Pågåande aktivitet fokuserer på biologiske utfordringar i moderne produksjon av stor smolt og post-smolt i RAS og semilukka anlegg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i havbruksbiologi, fiskebiologi/fysiologi, eller anna relevant fagfelt, samt ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med fysiologiske (enzyme-aktivitet, kannulering/katerisering, analyse av plasmaioner) metoder er ein føresetnad.
  • Praktisk erfaring med fiskeforsøk og ein bakgrunn innan smoltifisering, osmoregulering og isomregulaering er ein føresetnad.
  • Erfaring med molekylære (bioinformatikk, gen-/proteinutrykk og histologi) metodar er ein føremon.
  • Erfaring frå og god kunnskap om havbruk er ein føremon.
  • FELECA C eller tilsvarande er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år med pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • 1.amanuensis Tom Ole Nilsen, Instiutt for Biovitskap, Tel: +47 48 10 35 33 or mail Tom.nilsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Les meir om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS