LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i fysikk - målevitskap

Søknadsfrist: 27.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i fysikk, målevitskap

Ønsker du å arbeide med fornybar energi og utfordringane knytt til hydrogen som energiberar? Vi søker ein motivert og dyktig ph.d.-stipendiat til å forske på måling av tap og kvalitetsforringing av hydrogen i transportkjeda frå produksjon til bruk.

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til eit større forskingsprosjekt "Reliable Metering for the Hydrogen Supply Chain to enable a Sustainable Hydrogen Economy (HyMe)", finansiert av Noregs Forskningsråd og industripartnarar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskingsprosjektet HyMe er leia av NORCE Norwegian Research Centre AS og vert gjennomført i samarbeid med UiB, Justervesenet, Equinor, Gassco, TotalEnergies og Norske Shell. Prosjektet er knytt til målesystem for energi, transport og låge utslepp. Nøyaktige og sporbare målingar av mengde og kvalitet av hydrogen i heile forsyningskjeda frå produksjon til brukar, er nødvendige føresetnadar for ein energisektor innan hydrogen. Målet for prosjektet er å finne kosteffektive målemetodar med sporbar nøyaktigheit for transport av hydrogen i stor skala.

Sjølve ph.d.-prosjektet er knytt til forsking på tap og kvalitetsforringing i forsyningskjeda. Arbeidet er viktig både for tryggleik og kostnadsreduksjon for transport av hydrogen. Du må jobbe systematisk med metodar for å identifisere punkta langs forsyningskjeda kor det er høgast risiko for tap og kvalitetsforringing. Basert på denne kunnskapen skal du utarbeide metodar for indirekte estimat av tap frå massebalanselikningar inkludert utrekning av usikkerheit. Vidare arbeid omfattar vurdering av sensorteknologiar for kvalitetsmålingar som kan implementerast på målestasjonar for kjøp og sal av hydrogen (custody transfer).

Som ph.d.-stipendiat i HyMe vil du få samarbeide nært med forskarar i NORCE og UiB, du vil få innspel frå industripartnarar og Justervesenet med brukskunnskapar, og du vil samarbeide med masterstudentar i målevitskap. Du vil vere tilknytt forskingsgruppa i Målevitskap ved Institutt for fysikk og teknologi, og Norsk forskerskole for hydrogen og hydrogenbaserte brensler (HySchool) kor UiB er vertskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, prosessteknologi, målevitskap eller anvendt matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.06.2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå målevitskap, eksperimentelle målesystem, matematisk modellering for systemanalyse, eller prosessteknologi er ein føresetnad.
  • Gode kunnskapar i matematikk er ein føresetnad.
  • Erfaring frå programmering eller simuleringsverktøy er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er ein fordel

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.06.2023).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Camilla Sætre, førsteamanuensis i havteknologi, Institutt for fysikk og teknologi, UiB: camilla.satre@uib.no Tlf. +47 55 58 83 08

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS