Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Interaksjonar mellom Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet vert i aukande grad rekna som ein nøkkelfaktor for å forstå klimavariabilitet og har potensial til å forbetre sesongmessige til dekadiske klimaprognosar.
Ph.d.-kandidaten vil undersøkje mekanismar for slike interaksjonar på dekadiske tidsskalaer og den felles påverknaden på til dømes klimaet på høge breiddegrader. Doktorgradskandidaten vil nytta seg av ein ny reanalyse som kombinerer moderne dataassimilering og paleo-rekonstruksjonar. I tillegg vil kandidaten designe og gjennomføre dedikerte modelleksperiment.
Som stipendiat ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking. Bjerknessenteret er Nordens det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima og har eit bredt internasjonalt miljø.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i klimadynamikk, meteorologi, oseanografi, fysikk, matematikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
En god forståing for atmosfære, hav og/eller klimadynamikk er eit krav.
Erfaring innan vitskapeleg programmering (for eks. Matlab og Python) er eit krav.
Erfaring med analyse av klimadata er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga.UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart avdet forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiarenfrå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje harfullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Lea Svendsen, Geofysisk institutt (lea.svendsen@uib.no) eller
Instituttleiar Tor Eldevik, Geofysiskinstitutt (tor.eldevik@uib.no)
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand(maria.svasand@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.