Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Institutt for Biovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i mikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til instituttets og fakultetets strategiske satsing på polarforsking med tanke på Polhavet 2050. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Kandidaten kjem til å høyre til forskingsgruppa i Marin Mikrobiologi.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Virus som infiserer planktonalgar og bakteriar har ein sentral funksjon i marine økosystem der dei er med å regulere omsetting, mengd og mangfald i mikrobielle næringsnett. Vi har gjennom fleire år samla DNA/RNA-prøver av virus og deira vertorganismar frå Arktis og polare marine økosystem som skal analyserast i samband med kvantitative data på miljø og mikroorganismar. Arbeidet vil være grunnlag for det vidare forskingsarbeidet vårt i Arktis. Arbeidet vil i omfatte bioinformatikk av metagenom, transkriptom, statistisk analyse av data og modellering. Noko av arbeidet vil gjerast i nært samarbeid med våre internasjonale samarbeidspartnarar, så noko reiseverksemd må påreknas.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i mikrobiologi, molekylærbiologi eller liknande fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom masteroppgåva er levert til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå eller kompetanse innan molekylær mikrobiologi er eit krav.
Erfaring frå eller kompetanse innan bioinformatikk, statistikk og metagenom analyse er ein føremon.
Erfaring frå eller kompetanse innan marin mikrobiell økologi, molekylær økologi eller virusøkologi er ein føremon.
Erfaring frå tokt er ein føremon.
Undervisningskompetanse er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Det er ein føremon om søkjarar beherskar norsk eller eit anna skandinavisk språk for å kunne delta i undervisning som krev det.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga:
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/-tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvara 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje denne stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Ruth-Anne Sandaa, Institutt for Biovitenskap, Universitetet i Bergen, Ruth.Sandaa@uib.no
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med rådgjevar Magnus Larsen, Magnus.Larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.