LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i det moderne Midtaustens historie

Søknadsfrist: 02.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i det moderne Midtaustens historie

Velkommen som søkjar til stilling som stipendiat i det moderne Midtaustens historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Planlagd oppstart er 15. august 2024 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Vi ser etter ein kandidat med mastergrad i historie, midtaustenstudiar, islamkunnskap eller nærliggande fagområde med eit sterkt historisk fokus. Med føremål om å tenke nytt om det moderne Midtaustens historie og regionen sin plass i globale og regionale modernitetsprosessar, er vi særleg interessert i prosjekt som set fokus på område som tradisjonelt har vore marginale. Prosjekt som fokuserer på 1900-talet og på kultur-, sosial-, ide-, urban- eller rettshistorie i Gulfområdet (inkludert Irak, Jemen og Oman), vil bli prioritert.

Vi ønskjer prosjekt på ulike tema, inkludert, men ikkje avgrensa til: Kulturproduksjon og kulturutveksling, nye teknologiar og sirkulasjon av kulturelle og materielle produkt, intellektuell og rettsleg endring, danning av nye kjønnsidentitetar og seksualitetar på tvers av geografiske grenser og kontekstar. Avhengig av kandidaten sin faglege bakgrunn er og andre tematiske og geografiske innretningar velkomne.

Stillinga er knytt til instituttets forskargruppe Senter for Midtausten- og islamske studiar. Kandidaten som vert tilsett vil bli tilbydd ei aktiv rolle som deltakar i gruppas forskingsfokus gjennom deltaking i seminar og forskingsformidling.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie, midtaustenstudiar, islamkunnskap eller nærliggande fagområde med historisk fokus. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Kunnskap i arabisk er ein stor føremon.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling. 

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalane til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det er forventa at prosjektet har ei klar historisk innretning.

Det blir vidare lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga. 

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering . Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 532 200. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen. 
  • Framdriftsplan for prosjektet. 
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS