LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i akustikk

Søknadsfrist: 24.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i akustikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Kandidaten vil arbeide innan akustikkgruppa sin forskings­aktivitet "Diffraction and dispersion effects in interaction of sound beams with viscoelastic and leaky ultrasonic guided waves”.

Arbeidet har som målsetjing å undersøke og forklare spesielle fenomen observert ved transmisjon av ein ultralyd-stråle («beam») gjennom ei plate nedsenka i væske. Fenomena er knytt til diffraksjonseffektar i «beam»-eksitasjon av bakover-forplantande («backward-wave») greiner av dei assosierte Lamb-bølgjemodane.

Ph.d.-arbeidet vil søkje å avdekke dei presise mekanismane som relaterer desse bakover­forplantande Lamb-mode-greinene og dei observerte fenomena, ved bruk av numerisk modellering i samanlikning med eksperimentelle målingar. Den numeriske analysen vil vere basert på kompleks eigenverdianalyse, i samanlikning med endeleg-element-modellering av det elektroakustiske målesystemet. Analysen vil utforske energi­flyt og forplanting av spennings- og forskyvingsfelt i bakover- og framover-forplantande «leaky» Lamb-moder. Betre innsikt i og bruk av slike mekanismar kan ha avgjerande innverknad på dagens og framtidige industrielle målemetodar. Relevante bruksområde inkluderer ikkje-destruktiv testing og evaluering (NDT&E), integritetsmåling, materialkarakterisering, overflateinspeksjon, inspeksjon av olje- og gassrøyr, korrosjonsmåling og evaluering av komposittmaterial.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, anvendt matematikk eller tilsvarande disiplin. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.08.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode ferdigheiter i programmering er eit krav (for eksempel i MATLAB eller Python).
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter innan matematisk/numerisk modellering i akustikk eller tilsvarande disiplin.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Ein eller fleire av dei følgjande kvalifikasjonane vil vere ei føremon:

  • Gode kunnskapar i akustikk (fortrinnsvis ultralyd).
  • Erfaring med leia ultralydbølgjer (guided ultrasonic waves) i elastiske og fluide media (for eksempel Lamb-type bølgjer).
  • Erfaring frå endeleg element-modellering av akustisk bølgjeforplanting i elastiske og fluide media (programmering, bruk eller begge).
  • Gode ferdigheitar i ultralydmålingar i laboratorie og/eller felt.
  • Gode språkferdigheiter i norsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din må du levere ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.08.2022.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Audun Oppedal Pedersen, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, telefon +47 55 58 27 85

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket kan gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS