Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i 3 år (BCEPS)

Søknadsfrist: 15.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i 3 år (BCEPS)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Bergen Centre for Ethics and Priority Setting (BCEPS), er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år frå 01.09.2020.Stillinga er knytt til delprosjektet «Rettferdig fordeling av helse», som er ein del av det overordna prosjektet «Alvorlighet og helseprioriteringer (SEVPRI)», finansiert av Norges forskingsråd.

BCEPS ved Universitetet i Bergen er eit leiande forskarmiljø innan helseprioriteringar. Miljøet er tverrfagleg med høg aktivitet, og forskinga har både kvantitativt og kvalitativt fokus. BCEPS samarbeider med leiande miljø på mellom anna universiteta Oxford, Harvard og i Addis Abeba (Etiopia). BCEPS har ei målsetjing om internasjonalisering og oppmodar alle ph.d. studentar til å bruke tid ved utanlandske universitet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga vil vere knytt til delprosjektet «Rettferdig fordeling av helse», som ved hjelp av kvalitative og kvantitative metodar skal studere oppfatningar i befolkninga om kva fordelingsomsyn har å seie for helseprioriteringar. Stipendiaten vil ha høve til å arbeide med tilgrensande problemstillingar innan helseprioriteringar, og val av metode vil bli gjort i samarbeid med kandidaten og verte tilpassa kandidaten sin fag- og erfaringsbakgrunn. I det overordna prosjektet SEVPRI skal det tilsetjast to ph.d.-kandidatar og ein postdoktor, som saman skal danne eit fagmiljø. Den andre ph.d.-kandidaten skal vere på HØKH (Helsetjenesteforskningen), Akershus universitetssykehus HF, og arbeide på delprosjektet «Subjektive forståelser av alvorlighet», og postdoktoren på delprosjektet «Etiske og økonomiske forståelser av alvorlighet» (HØKH).

Arbeidsoppgåver:

  • Saman med rettleiarane og samarbeidspartnar ta del i den praktiske planlegginga og gjennomføringa av delprosjektet.
  • Relatere data frå dei andre delprosjekta til etiske prinsipp for helseprioriteringar og publisere dei vitskaplege artiklane som skal inngå i avhandlinga.
  • Deltaking og presentasjon av resultata ved nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og i samarbeid med brukarrepresentantar bidra til formidling av resultata på relevante arenaer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i fortrinnsvis filosofi, medisin, og/eller økonomi. Søkjar frå eit anna relevant fagområde kan og vere aktuell.
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav, sjå krav om engelsk-kunnskapar
  • søkjar med kompetanse frå etikk/filosofi, helseøkonomi og helseprioriteringsarbeid vil ha eit fortrinn

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå krav om engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 (for tida kr. 496 100), for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 (for tida kr. 523 200)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS