LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (100 %, 3 år) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 12.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (3år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er ein del av prosjektet “Korleis utnytte regulatoriske T-celler for å betre effekten av mesenkymal stamcellebasert beinregenerering”, finansiert av Noregs forskingsråd (NFR).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet vil søkje å forstå rolla til det adaptive immunforsvaret i prosessen med beinregenerering. Dette vil gjerast ved å fokusere på ein delpopulasjon av dei adaptive immuncellene, nemleg regulatoriske T-lymfocytter (Tregs), som nyleg viste eit uutforska kritisk potensiale for vevregenerering. Ein tek sikte på å utforske deira molekylære samsnakk med implanterte mesenkymale stamcelle (MSC) konstruksjonar for beinvevsregererasjon. Denne funksjonelle samsnakkinga mellom cellene vil verte brukt vidare for å utvikle beinregenerative terapier. Dette prosjektet vert utvikla med nasjonale og internasjonale akademiske samarbeidspartnarar.

Oppgåva til denne stipendiatstillinga vil vere å utforske område som går inn i prosjektet sine sentrale tema:

  • finne signalvegar og faktorar i den cellulære samsnakkinga mellom MSC og Treg som ein kan evaluere vidare
  • utvikle og utnytte smådyrmodellar og humaniserte immunsystem-musemodellar for å studere effekten av Tregs på MSC
  • studere kva rolle Tregs 'ablasjon har for å påverke stamcellebasert beinvevsteknikk
  • nytte endogene Tregs for å fremme MSC-basert beinregenerering in vivo

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i immunologi, regenerativ medisin, celle/stamcelle biologi, biomedisin eller tilsvarande områder
  • erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt. Søkjarar med mykje erfaring frå laboratorium innan molekylærbiologi, celleimmunologi (særleg isolering og ekspansjon av regulatoriske T lymforcyttar ), flow og masse cytometri, cellekulturar og analyse og/eller dyremodellar vert oppmoda til å søkje
  • i tilsetjinga vil det verte lagt vekt på om kandidaten er personleg eigna for stillinga, at kandidaten har gode samarbeidsevner og fagleg styrke og erfaring frå liknande prosjekt. Kandidaten må ha eit sterkt engasjement og entusiasme for forsking. Ambisjonar, evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt vil og bli teken omsyn til i evalueringa av kandidaten
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå krav om engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 482 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 498 800, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 526 000
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (PDF)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS