Stipendiat – Praksisplassar og rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontor
Søknadsfrist: 11.04.2021
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat – Praksisplassar og rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontor (4 år)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Stillinga er knytt til prosjektet:
Fleire praksisplassar og betre rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontora (FRONESIS), som er finansiert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku). Stillinga er finansiert av Det medisinske fakultet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Føremålet med prosjektet er å bidra til at medisinutdanningane i Norge har eit tilstrekkeleg tal praksisplassar i primærhelsetenesta, med god kvalitet og kompetente praksisrettleiarar. Både volum og kvalitet på praksisplassar er under press, både gjennom «fastlegekrisa» og mangel på nasjonale avtalar og lovverk som sikrar at utdanningane har et stort nok tal praksisplassar i kommunane. Prosjektet skal kartlegge, utvikle og prøve ut nye modellar for praksis, med mål om fleire, lengre og betre praksisperiodar, samt utvikle og pilotere ein ny og fleksibel vidareutdanning med sikte på å oppnå nasjonale krav for rettleiarkompetanse.
For det aktuelle prosjektet er det inngått partnarskap med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. Det er i rundt 90 fastlegekontor i ni kommunar dei ulike modellane for praksis skal prøvast ut, mens kartleggingsdelen av prosjektet dels vil vere regionalt (Helse Vest) og dels nasjonalt. I siste del av prosjektet skal det utviklast og prøvast ut ei nasjonal praksisrettleiarutdanning på masternivå retta mot fastlegar.
Stipendiaten skal
undersøke effektane av tiltaka som vert prøvd ut, med særleg fokus på korleis praksis for medisinstudentar på fastlegekontor bør organiserast og finansierast
gjennomføre spørjeskjemaundersøkingar og intervju for å kartlegge rammer for nasjonal kapasitet og kompetanse for praksisplassar
gjennomføre intervensjonsdelen av prosjektet
analysere og rapportere kvantitative og kvalitative data og resultat under rettleiing og skrive og publisere vitskaplege publikasjonar
gjennomføre doktorgradsutdanning av Det medisinske fakultet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
det vil bli lagt vekt på klinisk erfaring frå allmennpraksis og kjennskap til fastlegeordninga
det vil bli lagt vekt på erfaring frå og interesse for medisinsk utdanning, utdanningsprosjekt, pedagogisk arbeid og eventuell formell universitetspedagogisk kompetanse
i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar for stillinga, kommunikasjons- og presentasjonsevner, fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
god skriftleg og munnleg norsk og engelsk
Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Om forskarutdanninga: Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 482 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 498 800, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 526 000
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
eventuelle publikasjonar (pdf)
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Professor Steinar Hunskår, steinar.hunskar@uib.no, tlf 9583 5353
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.