LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (5 x 10 %) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for kjeveortopedi

Søknadsfrist: 30.09.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Instruktørtannlege (5 x 10 %)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig fem (5) faste stillingar som instruktørtannlege (10 %) med arbeidsstad ved Seksjon for kjeveortopedi. Stillingane er ledig frå 2. november 2026.  

Søkjar må opplyse om kva arbeidsdag som er aktuell. 

Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.

Ved tilsetting vert det kravd det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora. 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato

  • Minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege 

  • Undervisningserfaring er eit ønskje

Den som vert tilsett må ha relevant praksis. I tillegg er det eit krav at søkjar kan dokumentere opptak til spesialistutdanninga i kjeveortopedi ved Institutt for klinisk odontologi, Universitetet i Bergen. Stillinga vil verte knytt til denne fagseksjonen ved instituttet.

Kandidaten skal inngå i eit godkjent opplegg for spesialistutdanning fram til juni 2028. Til stillinga ligg det, i samsvar med plan for spesialistutdanning, oppgåver som instruktørtannlege.

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. 

For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø

  • Løn for tida kr 730 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 770 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

  • Kva dag du kan arbeide

  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)

  • Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar

  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka

  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Maria Mavragani, e-post: maria.mavragani@uib.no

Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk

Odontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.

  • Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane.

  • Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene.

  • Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy.

  • Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar.

Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her: Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB

 Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Maria Mavragani, maria.mavragani@uib.no

Powered by Labrador CMS